Svein-Ottar Sandal (Kr.F) opplyste at han stadig vert konfrontert med det stengde badeanlegget.

- Stengt badeanlegg går på helsa laus

Det stengde badeanlegget slit på tolmodet til folk.

- Nesten dagleg vert eg konfrontert med det stengde badeanlegget, sa Svein-Ottar Sandal (Kr.F) då formannskapet vart orientert om situasjonen.


I formannskapet måndag orienterte dagleg leiar i Trivselshagen bad og idrett, Anniken Rygg om no-situasjonen for det stengde badeanlegget. Ho presenterte ein framdriftsplan som ellereie er spreng. Våt sandblåsinga var stipulert å ta to veker. Det blir seks. Ein tidsplan som la opp til at anlegget skulle vere rehabilitert innan 21. november er dermed allereie overskriden.

Julebadet i fare
Anniken Rygg fekk direkte spørsmål om anlegget kan opnast til jul, men det kunne ho ikkje love.
Svein-Ottar Sandal opplyste at han nesten dagleg vert konfrontert med det stengde badeanlegget.
- Mange er irriterte og spør kvifor det er stengt så lenge, og mange hadde venta det skulle vere større trøkk i rehabiliteringa og spør i kor stor grad Veidekke set inn nødvendige ressursar, sa Sandal. No vil folk ha eit tidspunkt og ikkje stadig nye utsetjingar.
- Enkelte har uttrykt at stenginga går på helsa laus. Det er personar som brukar anlegget til trim og trening, sa Sandal.



Symjeopplæring
Magni Aa Berge (Sp) peika på manglande symjeopplæring og synte til at lovverket seier at elevane skal lære å symje innan fjerde klasse. Ordførar Leidulf Gloppestad såg det positive i at ein no er komne eit steg vidare, men var forundra over at det har teke så lang tid. M.a. fordi det har med omdøme for dei involverte å gjere. No er sluttdatoen viktigast.

Nett no skjer det våtsandblåsing av bassenga der flisane er heilt fjerna. Det var stipulert til to veker, og skulle vore ferdig no, men vil ta seks veker.
Anniken Rygg synte stor forståing, men var oppteken av å sjå framover.
- Vi er der vi er. No har vi hatt gode møte, og begge partar er løysingsorienterte. Der har eg lyst vi skal vere framover, sa ho.

Sjå referat frå formannskapet i avisa onsdag. Fleire andre interessante saker var drøfta, m.a. er det aktuelt å flytte kommuneadministrasjonen etter brannen til Søreide der Statped hadde lokale.

Slik er no-situasjonen. Sandblåsinga tek ein månad lenger tid enn rekna med.