Stein er ny dagleg leiar i Motvind Noreg

Stein Malkenes blir ny dagleg leiar i Motvind Noreg.

Malkenes har lang leiarerfaring frå frivillige organisasjonar og har mellom anna vore leiar i Naturvernforbundet, Norsk Fyrhistorisk Forening og miljøorganisasjonen Salmon Camera. Han var òg generalsekretær i Næringslivets Kystaksjon, ein av dei første riksdekkjande organisasjonane som tok opp kampen mot vindindustri i naturen.

– Motvind Noreg er ein unik organisasjon som er oppstått og forankra i ei nasjonal folkerørsle. Eg er svært glad for å kunne bidra til å vidareutvikle dette folkelege engasjementet, seier Malkenes i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Malkenes (69) bur i Florø, er utdanna biologilærar og har vore lærar og rektor i 20 år. Etter perioden som leiar i Naturvernforbundet på 1990-talet har han arbeidd som miljørådgivar og nyskapar i eige firma. Han er ikkje medlem i noko politisk parti.

– Styret er svært nøgde. Stein kjenner frivillige organisasjonar og det politiske Noreg, og han deler verdiane våre. Vi gler oss over at han vil bli ein del av Motvind-laget framover, seier styreleiar Eivind Salen i Motvind Noreg i pressemeldinga.

Stein Malkenes går inn i stillinga 1. oktober.

(©NPK)