Illustrasjonsfoto: Marit Hommedal/NTB/NPK.

Statsforvaltaren i Vestland bekymra for naturinngrep på E39

Vil ha alternativ.

Statsforvaltaren i Vestland meiner Statens vegvesen må endre både fart og dimensjonar på E39 mellom Stord og Os. Årsaka er dei enorme inngrepa i naturen.

Statens vegvesen sende i fjor haust planprogrammet for E39 Stord-Os (Hordfast) på høyring.

Hordfastprosjektet inneber mellom anna ei stor bru mellom Os og øya Tysnes og vil gi store inngrep på øya med 2.800 innbyggjarar.

I høyringsinnspelet sitt til planprogrammet peikar Statsforvaltaren i Vestland på nye og meir omfattande funn av trua dyre- og planteartar. Dei meiner òg inngrepa i naturen blir svært store på grunn av dimensjonane på prosjektet, skriv Bergensavisen.

– Talet på viktige naturtypar og trua artar i planområdet, må utan tvil vere den klart største konsentrasjonen av viktige naturførekomstar i heile prosjektet – ny E39 Kristiansand til Trondheim, skriv Statsforvaltaren mellom anna i merknaden sin til reguleringsoppstarten.

Statsforvaltaren har registrert «30 boreonemorale regnskogar, 38 kystmyrer og åtte rike sumpskogar» innanfor planområdet for den nye vegen og 375 registreringar av ulike trua dyre- og planteartar fordelt på 30 artar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statsforvaltaren skriv i merknaden sin at Vegvesenet bør greie ut eit alternativ, som avgrensar farten og dermed dimensjonane, på ei strekning på over 14 kilometer på øya.

Sjølve reguleringsplanen skal etter planen bli sendt til departementet til våren, og til høyring i haust.

(©NPK)