Skadar på elsparkesykkel har skote i vêret, og Vegvesenet håpar eit hjelmpåbod kan få ned tala.

Statens vegvesen skal greie ut hjelmpåbod for elsparkesyklar

Hjelmpåbod for elsparkesyklar, lågare fartsgrense i tettbygde strøk og alkolås er blant tiltaka i den nye nasjonale tiltaksplanen for trafikktryggleik.

Publisert

Den nye nasjonale tiltaksplanen for 2026-2029, som inneheld 200 tiltak, peikar særleg på ungdom og unge førarar, fart og høgrisikoåtferd som avgjerande innsatsområde for å redusere talet på drepne og hardt skadde i trafikken fram mot 2030.

Målet er at innan 2030 så skal talet på døde og hardt skadde i trafikkulykker ikkje overstige 350, og at talet på omkomne skal vere maksimalt 50. For å nå det målet, må summen av døde og hardt skadde blir reduserte med 47 prosent frå 2024 til 2030, og talet på omkomne blir reduserte med 43 prosent.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård fekk torsdag tiltaksplanen, der det blir tilrådd å innføre «kraftfulle tiltak og ei generell opptrapping av trafikktryggingsarbeidet» for å komme på rett kurs.

Nygård erkjenner at utviklinga går i feil retning.

– Tala på drepne og hardt skadde skal og må ned, derfor er desse tiltaka viktige, seier han i ei pressemelding.

Tiltaka omfattar alt frå regelverksarbeid og kunnskapsoppbygging til trafikant- og køyretøyretta tiltak og gjennomføring av fysiske tiltak.

Hjelmpåbod

Statens vegvesen skal mellom anna greie ut om eit hjelmpåbod bør innførast for alle som ferdast med elsparkesyklar, og ikkje berre for dei under 15 år slik det er no.

– Det er ingenting i skadestatistikken som tilseier at eit hjelmpåbod for elsparkesykkel bør avgrensast til denne aldersgruppa, står det i planen.

Skadetala på elsparkesykkel dei siste åra har skote i vêret. I ein rapport som Statens vegvesen offentleggjorde i januar, kom det fram at dobbelt så mange skadde seg på elsparkesyklar i Oslo i 2025 som i 2023, og at unge vaksne var mest utsette.

Ei hjelmteljing som Vegvesenet utførte i haust, viste også at berre 16 prosent av vaksne som køyrde elsparkesykkel, brukte hjelm.

Opplæring og alkolås

Det blir også lagt fram fleire tiltak for å senke farten i tettbygde område. Mellom anna vil dei greie ut å senke den generelle fartsgrensa i tettbygde strøk frå dagens 50 km/t til 30 km/t.

Meir trafikkopplæring inn i skulen er også eit sentralt punkt. Det skal innførast ein trafikktryggleiksdag, både på ungdomsskulen og på vidaregåande skule.

Det blir også foreslått ei endring i straffa for ruskøyring. Det skal gjennomførast ein pilotstudie der bruk av alkolås blir prøvde ut som alternativ til tap av førarrett for personar med alkoholavhengnad.

– Ei slik ordning vil gjere det enklare for pasientar å be om hjelp for alkoholbruket sitt, og fastlegane vil få betre føresetnader for å ta opp alkoholvanane til pasienten. I tillegg vil det gi ein tryggleik overfor andre trafikantar, står det i tiltaksplanen.

– Dette er ein stor dag for trafikktryggleiksarbeidet i Noreg. Nasjonal tiltaksplan er sjølve kjernen i den norske samarbeidsmodellen på trafikktryggleiksområdet, avsluttar Nygård. (©NPK)

Powered by Labrador CMS