Statens vegvesen åtvarar mot falsk e-post. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad /NTB/NPK.

Statens vegvesen blir nytta i svindelforsøk

Vegvesen.no blir misbrukt i svindel-e-post. Statens vegvesen åtvarar.

Det er blitt meldt inn om ein e-post der vegvesen.no blir misbrukt, skriv Statens vegvesen, i ei pressemelding.

Nettsvindel blir stadig vanlegare og namnet til vegvesenet blir ofte misbrukt i svindelforsøk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei åtvarar mot å klikke på lenkjer i e-postar, og oppfordrar folk til å melde frå til Statens vegvesen om ein opplever nettsvindel der namnet deira blir nemnt. (©NPK)