Gloppen folkebibliotek hadde stabile utlånstal i 2014, med 8,2 utlån per innbyggjar. – Nytt av året er at vi har starta med utlån av elektroniske bøker. E-bøker kan lesast både på nettbrett og på mobil, seier Ann-Kristin Vik Fløtre og Torill Berge (t.h.).

Startskotet gjekk for e-bøker

2014 var eit veldig spennande år ved Gloppen folkebibliotek. – Det skjedde mykje. I april gjekk startskotet for utlån av e-bøker, som brukarane får tilgang til via app`en eBokBib. Mange glopparar har teke i bruk dette tilbodet, seier Torill Berge og Ann-Kristin Vik Fløtre.

Elektroniske bøker blir gjort tilgjengelege for alle leselystne på smarttelefon eller nettbrett.

Eit felles tilbod

– Utlån av e-bøker er eit felles tilbod for alle folkebiblioteka i fylket. Fylkesbiblioteket står for innkjøpet, og folk som er interesserte i å låne slike bøker må ha eit nasjonalt lånekort for å kome i gang. Det får dei hos oss, og såleis blir utlånet registrert på Gloppen folkebibliotek. Tala vi har fått frå fylkesbiblioteket viser at glopparane las til saman 573 elektroniske bøker i fjor, fortel biblioteksjef Torill Berge, og legg til at folk har tatt vel imot den nye ordninga.

Les heile saka i papirutgåva fredag.