Slik kan skipstunnelen sjå ut når han står ferdig om nokre år. Illustrasjonen viser innseglinga frå Kjøde − i den nordlege enden av skipstunnelen. Foto: Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta/NTB.

Stad skipstunnel blir send ut på anbod

Arbeidet for bygging Stad skipstunnel blir send ut på anbod for å finne ut om det er mogleg å realisere prosjektet innanfor ramma Stortinget har sett.

– Stortinget har vedteke prosjektet med eit breitt fleirtal, og det at vi no legg det ut i marknaden er viktig for å finne ut om det er mogleg å realisere prosjektet innanfor den ramma Stortinget har sett. Det er målet vårt, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

I 2021 vedtok Stortinget at Stad skipstunnel kan byggjast innanfor ei kostnadsramme på 4090 millionar kroner. Prisjustert ramme for 2024 er anslått til 5060 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han seier prosjektet er viktig for å sikre skip trygg og effektiv ferdsel i eit av Noregs mest vêrharde havområde.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet informerte i ei pressemelding torsdag at det no blir sett i gang ein anbodskonkurranse.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) seier at dersom det kjem inn tilbod med tilstrekkeleg kvalitet og til ein pris som ligg innanfor den vedtekne kostnadsramma, vil ein kunne starte arbeidet med å realisere skipstunnelen.

Stadhavet er kjent som ein av dei mest vêrharde stadene langs norskekysten og kan vere ei stor utfordring for både store og små skip.

Tunnelen, som blir den første fullskala skipstunnelen i verda, blir 1,7 kilometer lang, 50 meter høg, 12 meter djup og 36 meter brei. Det betyr at både lasteskip, større cruiseskip og til dømes Havila Kystrutens skip kan nytte han. I tillegg blir det mogleg for fritidsbåtar å nytte tunnelen for sikker ferd. (©NPK)