Lokalaviser. Opplagstal.
Dei redaktørstyrte lokalavisene i Sogn og Fjordane og resten av landet står framleis sterkt.

Stabile opplagstal for lokalavisene

Tysdag la Landslaget for Lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) fram nye opplagstal. Tala viser stabilitet for lokalavisene, og at nye abonnentar helst vil ha lokalt innhald digitalt.

Publisert Sist oppdatert

LLA har 130 medlemsaviser. Den samla digitale veksten for desse avisene er over 11 prosent. Det totale opplagstalet for LLA-avisene går fram med rundt éin prosent samanlikna med andre halvår i fjor. Over halvparten av lokalavisene går fram, resten litt tilbake. 

– Endå ein gong ser vi at lokalavisene lagar spennande journalistikk som svært mange vil betale for. Dei fine opplagstala viser at folk set stor pris på lokal, redaktørstyrt og uavhengig journalistikk frå eigen kvardag og nærmiljø, kanskje særleg når det er urolege tider ute i verda, seier generalsekretær Tomas Bruvik i LLA i ei pressemelding. 

Nøgd trass ein liten nedgang

Firda Tidend har eit netto opplag på 3.134 i andre halvår 2025. Dette er ein nedgang på 30 samanlikna med same periode 2024. 

- Sett i lys av dei tekniske utfordringane vi hadde knytt til overgangen til nye system i fjor, med bortfall av abonnentar som resultat, venta vi ein liten nedgang. At nedgangen ikkje er større, skal vi vere godt nøgde med, særleg med omsyn til at opplaget andre halvår 2024 var det høgste sidan 2003 etter fleire år med vekst, seier redaktør og dagleg leiar Aadne Gloppestad. 

Han er takksam for at lokalavisa for Gloppen og Jølster har svært mange trufaste og lojale lesarar og tingarar, og fortel at starten på 2026 har vore god. 

- Dei tilsette står på kvar einaste dag for å lage eit best mogleg produkt. Vi skal halde fram med å levere interessant og relevant stoff til glede og nytte for lesarar og lokalsamfunn, seier Gloppestad.

Opp og ned

Av dei andre avisene i Nordfjord har Fjordabladet ein vekst i opplagstal på 99, til 3.474. Fjordingen har ein vekst på 16, til 3.988, medan Fjordenes Tidende har ein nedgang på 210, til eit godkjent opplag på 4.613. 

I Sunnfjord har Firda ein tilbakegang på 4, til 10.835, medan Firdaposten har eit opplag på 4.677, noko som er ein tilbakegang på 88. 

I Sogn har alle dei tre redaktørstyrte media høgare opplag i andre halvår 2025 enn i same periode 2024. 

Sogn Avis har no eit opplag på 9.438 (+45), Porten.no sitt opplag er på 2.112 (+86), medan Ytre Sogn har ein vekst på 78 til 1.258. 

Powered by Labrador CMS