Magne Aasbrenn, Noregs Mållag. (Foto: Noregs Mållag)

Spent på oppfølginga

REGJERINGSERKLÆRINGA:


Innlegg: I dag la Venstre, Frp og Høgre fram Jeløy-erklæringa for ei ny trepartiregjering. Plattforma tek viktige steg i retning av ein betre språkpolitikk: Regjeringa vil «Fremme forslag om ny helhetlig språklov, som viderefører prinsippene i dagens lovverk knyttet til sidestilte målformer og minoritetsspråk, og vurdere tiltak for å styrke hoved- og sidemålsopplæring for tidlige alderstrinn, samt åpne for lokale forsøk».

- Det er svært bra at regjeringa vil styrkje opplæringa i både hovudmål og sidemål for dei yngre stega. Formuleringa er likevel svært open, og no kviler det eit stort ansvar på regjeringa for at dette blir omsett i praktisk politikk som gjev meir språkleg rettferd, seier Magne Aasbrenn,leiar i Noregs Mållag.

Mållaget hadde tidlegare start med sidemål som si viktigaste sak i innspela til ny regjeringsplattform, og organisasjonen er glad for at dette no blir
følgt opp.

- Det er viktig at ikkje forsøksordningar blir brukte til å uthole den generelle språkpolitikken, minner Aasbrenn om.

Han er også glad for at arbeidet med språklov no skyt fart.

- Landet vårt treng ei ny språklov, og vi er svært glade for at regjeringa legg til grunn at ho skal byggje på jamstilling mellom nynorsk og bokmål, seier Magne Aasbrenn.

Under presentasjonen av plattforma sa Venstre-leiar Trine Skei Grande at landet kan vente seg ein «veldig aktiv språkpolitikk».

- Dette er svært positive takter. Det er ei lang rekkje saker som må løysast, og som ikkje er nemnde i regjeringserklæringa. Norskopplæring på
nynorsk for vaksne innvandrarar i nynorskkommunane og ein språkdelt ungdomsskule er to slike saker, seier Aasbrenn.

Han er også glad for at regjeringa vil følgje opp NOU-en «Hjertespråket» om vilkåra for samisk språk, og for at også dei nasjonale minoritetsspråka skal
sikrast gode vilkår.