– Som den største banken i Sogn og Fjordane har vi eit ansvar for å drive fram det grøne skiftet lokalt, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.

Sparebanken satsar på berekraft

Sparebanken Sogn og Fjordane har denne hausten signert med FNs klimainitiativ og Klimapartnere Vestland. – Det er viktig at vi i finansnæringa forpliktar oss på berekraft, seier administrerande direktør Trond Teigene.

FNs klimainitiativ innan finans (UNEP FI) er eit globalt partnarskap mellom FN og finanssektoren for å mobilisere berekraftig utvikling i bransjen. Ved å signere forpliktar banken seg til å følge seks prinsipp for ansvarleg bankverksemd. 190 bankar over heile verda har hittil signert.

– Bankar spelar ei viktig rolle i omstillinga til eit lågutsleppsamfunn og det grøne skiftet. Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane ønskjer å vere ein aktiv støttespelar for næringslivet og privatkundar gjennom utlån, grøne produkt og rådgjeving, i tillegg til å ta ansvar for berekraft i eiga verksemd, seier administrerande direktør Trond Teigene i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokalt samarbeid

I tillegg til å signere klimainitiativet til FN, har banken no gått inn som medlem i Klimapartnere Vestland.

Dei skal skape ein arena for offentleg og privat nettverksbygging og vere ein plattform for utøving av samfunnsansvar i regionen.

– Som den største banken i Sogn og Fjordane har vi eit ansvar for å drive fram det grøne skiftet lokalt. Finansnæringa kan gjere ein forskjell. Dette utfordrar vi oss på heile tida, seier Teigene, og nemner nokre av tiltaka banken har sett i gang:

– I dag inngår klimavurdering i kredittprosessane for bedriftskundar. I tillegg stiller vi krav til leverandørane og samarbeidspartnarane våre om deira forhold til berekraft.

Orden i eige hus

For å kunne krevje innsats av andre er banken oppteken av å ha orden i eige hus.

– Banken vart sertifisert som Miljøfyrtårn i 2019, og same året vart Sparebanken Sogn og Fjordane den andre sparebanken i landet som tilbyr grøne obligasjonslån til investorane. I lag med gode samarbeidspartnarar lanserte vi også DRIV-prisen som blir delt ut i Vestland, ein heilt ny grøn innovasjonspris. Vi jobbar kontinuerleg med å bli ein grønare bank, seier Teigene.