Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad la fram forslaget frå programkomiteen til nytt prinsipp- og handlingsprogram torsdag. Foto: Ørn E. Borgen/NTB/NPK.

Sp vil oppheve samanslåingar ved lokalt ønske

Senterpartiet vil neste år gå til val på at samanslåingar vedtekne i perioden 2013–2021 skal opphevast, dersom kommunar eller fylke ønskjer det.

Det kjem fram av utkastet til nytt partiprogram, som vart lagt fram av leiaren av programkomiteen Marit Arnstad torsdag.

Vidare heiter det at Sp vil at eventuell samanslåing av kommunar og fylkeskommunar skal vere frivillig og avklart gjennom gode lokale prosessar og folkeavstemmingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)