Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen går av fredag. Foto: Terje Pedersen/NTB scanpix/NPK.

Søviknes og Solvik-Olsen går av

Frp-statsrådane Ketil Solvik-Olsen og Terje Søviknes trekkjer seg. Dei blir erstatta av Jon Georg Dale og Kjell-Børge Freiberg.


– Familien vår flyttar til USA for eitt år. Kona mi har fått tilbod om ei legestilling ved eit stort barnesjukehus i Birmingham Alabama. Då denne fantastiske moglegheita dukka opp, var det berre å gripe den, seier Ketil Solvik-Olsen til Dagbladet.


46-åringen fortel at ektefellen lenge har tilpassa seg hans politiske karriere.


– Kona har ofra seg for meg, no stiller eg opp for henne. Det er ein avtale vi har hatt. Derfor takka eg nei til attval til Stortinget i 2013. Ein stortingsplass bind oss for heile perioden, seier han.


Statsministerens kontor bekreftar at det blir endringar i regjeringa fredag, men ingen namn er bekrefta.


Ifølgje Dagens Næringslivs kjelder er det stortingsrepresentant Bård Hoksrud som overtar som landbruksminister etter Dale. Hoksrud sit i dag i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, men har erfaring frå regjeringsapparatet som statssekretær i Samferdselsdepartementet.


Også olje- og energiminister Terje Søviknes går av som statsråd, melder avisa. Hans avgang skal vere knytt til at han ønsker å gå tilbake til lokalpolitikken.


Mannen som overtar etter Søviknes, skal vere Frps stortingsrepresentant Kjell-Børge Freiberg (47). Freiberg var i mange år ordførar i Hadsel i Nordland før han i 2015 vart statssekretær i Olje- og energidepartementet. I 2017 vart han valt inn på Stortinget, og han sit i dag i næringskomiteen.