Mange nordmenn er glade i gå ute i naturen, men finn vi søppel blir vi irriterte. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Søppel i naturen irriterer nordmenn mest på tur

Mange nordmenn tek ferien ute i naturen i år. Og det som toppar lista over irritasjonsmoment når nordmenn er ute i naturen er søppel.

Det viser ei undersøking utført av Ipsos på vegner av Norsk Friluftsliv.

– Basert på observasjonar frå tidlegare år, er det dessverre ikkje uventa at søppel ligg på topp over irritasjonsmoment for turgåarar, seier Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei seier forsøplingsproblemet er størst ved dei mest populære turistdestinasjonane. Heimdal seier dei fleste er flinke, men at det alltid er nokon som lar avfall liggje igjen.

– Totalt sett er det heldigvis ikkje mykje søppel i naturen. Men søppel kan uansett vere til skade for menneske, dyr og planter, og øydeleggje naturopplevingane for dei som kjem etter deg, seier Heimdal.

(©NPK)