Rygg Songlag likar å underhalde, og under planlegginga av året dukka det opp ein idé om å feire at det er 13 år sidan koret vart eit reint damekor. Laurdag fekk publikum høyre nokre av godbitane frå det verdslege repertoaret, akkompagnert av dirigent Hanne Grete Heen (piano), Otto Ose (fiolin), Henrik Silfverhielm (cello) og Simona Fraas Johnsen (bratsj).

Songfest i Runnevang

Med sitt smittande gode humør og flotte repertoar skapte Rygg Songlag og gjestkor feststemning i Runnevang laurdag kveld. Gledeleg mange ville vere med på å feire at damekoret er blitt tenåring, og det vart trongt om plassen i ungdomshuset på Sørstranda.



Det er 13 år sidan mannsstemmene i Rygg Songlag takka for seg, og koret gjekk over til å bli eit reint damekor.

Starta i 1964

Laurdag inviterte koret til jubileumsfeiring med Austrheim Mannskor og Hyen Blandakor som gjestekor, og det vart ein flott songfest i Runnevang der kora underheldt i to avdelingar. Midtvegs i programmet var det pause med kafé, loddsal og åresal.

Anne Randi Roset er den av medlemmene i Rygg Songlag som har vore med lengst. Ho begynte i koret i januar 1964, då koret gjekk frå å vere mannskor til å bli blandakor.

– Då var eg 15 år gamal, og eg tykte det var spennande å begynne i koret. Mannskoret var begynt å bli lite, og difor vart det opna for å ta inn damer i koret, fortel ho.



Til glede og fornying

Ho har vore med på mange, mange øvingar i det som tidlegare var Rygg skule. Dei siste åra har koret øvd på Gloppen ungdomsskule.

– Eg har brukt ein del tid på koret – til glede og fornying av meg sjølv. På øvingane møter eg andre, får nye vener og får synge ut om eg er trist, lei eller veldig glad. Det gjer godt for kropp og sjel, og er like bra som trim. Eg tykkjer det er veldig kjekt. Vi som er med i koret er svært ulike, men vi har ein ting felles – vi likar å synge, smiler 69-åringen.

Når nokon er vekke frå ei øving, bryr dei andre i koret seg.

– Vi er ein gjeng som bryr seg om og viser omtanke for kvarandre. Eg har ikkje anna enn positivt å seie, seier ho.

Anne Randi Roset starta å synge sopran, men gjekk etter kvart over til andresopran.

– Var det trasig at mennene i si tid forlet koret?

– Ja, det tykte eg. Vi var vane med å ha menn bak oss i koret, og dei første åra tykte eg at det var noko som mangla. Etter kvart gjekk det over. Eg måtte rett og slett venne meg til at lyden var annleis i eit reint damekor, seier ho.



Utfyller kvarandre

Roset vart gledeleg overraska då det kom så mange til songfesten i Runnevang laurdag.

– Alle var hjarteleg velkomne, og vi var så glade for kvar einaste éin som var til stades. Vi prøvde å gjere det beste for dei frammøtte, og eg håpar at ingen følte seg utanfor på nokon måte sjølv om vi ikkje hadde årar til alle under åresalet, seier ho.



At nabokora kunne kome både frå Hyen og Nordstranda, sette Rygg Songlag pris på.

– Det var veldig kjekt at dei hadde tid til å kome. Når eit mannskor, eit blandakor og eit damekor går saman, utfyller vi kvarandre på ein fin måte. Publikum fekk høyre litt av kvart, og det er kjekt å ha eit samarbeid med andre. Kor og dirigent oppsummerte litt i etterkant av arrangementet, og konklusjonen er at vi er svært godt nøgde. Vi ønskjer å takke nabokora våre og alle som kom, seier ho.

Austrheim Mannskor har fått ny dirigent, og Marthe Aa såg ut til å trivast i lag med koret sitt i Runnevang.
Ingrid Bakketun (t.v.) og Marit Rygg var konferansierar og batt kvelden saman på ein fin måte.
Anne Randi Roset har lang fartstid i Rygg Songlag. Ho begynte i koret i 1964.
Det var veldig kjekt å høyre Hyen Blandakor, dirigert av Martin Eikeset Koren.