Statsminister Erna Solberg (H) trur ikkje veljarane vil la seg skremme etter kritikk av regjeringas koronahandtering. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Solberg trur ikkje på veljarflukt etter koronakritikk

Statsminister Erna Solberg trur ikkje kritikk av koronahandteringa til regjeringa vil føre til mindre oppslutning om Høgre i sluttspurten av valkampen.

– Eg trur folk ser på pandemien uavhengig av valkampen, seier Solberg til NTB.

Håpet var at ein dalande pandemi og gjenopning skulle gi Høgre og dei andre regjeringspartia vind i segla fram mot valdagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men slik gjekk det som kjent ikkje. Etter skyhøge smittetal dei siste vekene vart gjenopninga torsdag sett på pause. Igjen.

Tek sjølvkritikk

Torsdag kveld entra Solberg scena i Trondheim saman med dei andre to statsministerkandidatane, Ap-leiar Jonas Gahr Støre og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Der tok ho sjølvkritikk på delar av koronahandteringa etter sommarferien.

– Grønt nivå har vorte for kaotisk, testsystema har ikkje fungert godt nok. Det tek vi sjølvkritikk på. Vi må bli betre og gå eit skritt tilbake, sa Høgre-leiaren.

– Godt sig

Men Solberg fryktar ikkje at dette vil spolere Høgres valkamp berre vel ei veke før valdagen 13. september.

– Eg tenkjer at vi har fått gode meiningsmålingar den siste tida der vi har gått opp, og det er godt sig i valkampapparatet vårt, seier Solberg til NTB.

På fem målingar så langt i september får Høgre ei oppslutning på 20,3 prosent i snitt, ifølgje Poll of polls.

Avfeiar kritikk

På folkemøtet på torsdag vart Solberg utfordra av Støre i ein duell om koronahandteringa. Støre kritiserer regjeringa for mellom anna dobbeltkommunikasjon og for å gi for optimistiske signal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir eit inntrykk av at vi har komme lenger mot målet enn vi er. Det er farleg, sa han.

Overfor NTB avfeiar Solberg kritikken.

– Eg meiner at vi har vore veldig tydelege i atterhalda. Og det er framleis mogleg med full gjenopning i september, akkurat sånn som vi har sagt.

Knabbar Ap-løfte

Torsdag kom Solberg òg med eit knippe nye valløfte, denne gongen retta mot småbarnsforeldre. No skal både barnehage og SFO bli billigare, lova ho.

Det same har lenge vore eitt av Arbeidarpartiets løfte.

Det same har lenge vore eitt av Arbeidarpartiets løfte.

– Er ikkje dette å knabbe Aps valløfte?

– Nei, dette har vi gjort kontinuerleg gjennom åtte år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du er ikkje redd for at dette kan verke litt desperat, på tampen av valkampen?

– Nei, dette har vi no teke inn i programmet vårt for neste periode.

Støre: Vorte dyrare

Ap-leiar Jonas Gahr Støre meiner det no er opp til veljarane å vurdere kven som er best på barnehagepolitikk.

– Barnehagane har vorte dyrare for folk med vanleg økonomi gjennom Erna Solbergs åtte år i regjering, slår han fast.

– Vi ønskjer å gjere barnehagane rimelegare for alle og ha gratis SFO for førsteklassingane, seier Støre, som lovar ein makspris i barnehagen på 2.975 kroner i månaden, 255 kroner mindre enn i dag.

(©NPK)