Representantar for Sogndal Fotball og metalbandet Vreid. Foto: Håvard Nesbø/NTB.

Sogndal Fotball spelar med logoen til black metalbandet Vreid på brystet denne sesongen

Sogndal Fotball skal spele kommande sesong med logoen til black metalbandet Vreid på brystet.

For medan Sogndal Fotball ifølgje pressemeldinga har vore kjend for å utvikle og dyrke fram store fotballtalent, har bygda òg ein annan – og mørkare – eksportvare: Bandet Vreid, som med sin «Sognametal» har spelt seg verda rundt.

– Å få Vreid-logoen på brystet på Sogndal Fotball si drakt er ei ære av dei heilt sjeldne. Denne askeladdenklubben er hamra inn i hjarterota vår sidan oppveksten. Dette er klubben som var heile barndommen og ungdommen vår, og det er med favorittlag som med favorittband, det er kjærleik for livet, seier Vreid-sjefen Jarle Kvåle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som sjølv spelt fotball, og reiste til Ekebergsletta og Norway Cup med Sogndal då han var unggut. No er han festivalmanager same stad for Tons of Rock-festivalen, som han var med på å grunnleggje. Han byrja metalkarrieren i Windir i 1993, før det vart Vreid frå 2004.

– At Sogndal Fotball innlemmar Vreid på sin slik måte i verda si, viser den viljen, galskapen, fryktlausheita og stoltheita som har bygd denne klubben. Den evige underdogen som stadig utrettar det naturstridige. Me er enormt stolte over å få vere med på reisa vidare i svart og kvitt leidd av barndomskameraten vår og Sogndals-legende Eirik, seier Kvåle, som siktar til hovudtrenaren til laget og Leeds-profil Eirik Bakke.

– Utruleg moro at mine barndomsvener Jarle, Einar og Jørn saman med resten av gjengen i Vreid kjem på drakta vår. Det dei har fått til med Vreid er berre heilt fantastisk. Eg har sjølv vore ute i den store verda og spelt fotball føre mange titals tusen supportarar, og at dei no gjer det same med musikken sin gjer oss sogndølar stolte. I år skal me gå heile vegen med Vreid på laget, seier Bakke i ei pressefråsegn.

Vreid slepper på si side konseptalbumet «Wild North West» 30. april på det internasjonale indieselskapet Season of Mist. Plata får følgje av ein spelefilm med same namn, produsert av Håvard Nesbø. Filmen består av åtte musikkvideoar som er knytt saman til ei historie, og der alt er innspelt i Indre Sogn.

(©NPK)

– Ei ære, seier Vreid-sjef Jarle Kvåle om at Sogndal Fotball skal spele sesongen med logoen til bandet på fronten. Foto: Håvard Nesbø.