Eli Lunde Hjeltnes, Arve Uglum og Eli Grotle i Sogn Avis tok imot prisen for Årets lokalavis. Foto: Laila Borge, LLA.

Sogn Avis er Årets lokalavis

På landsmøtet til Landslaget for lokalaviser (LLA) i Tromsø laurdag, blei Sogn Avis kåra til Årets lokalavis.

Juryen skriv mellom anna dette som bakgrunn for tildelinga:

«Avisa har peika ut fleire tydelege satsingar som dei er tru mot over tid. Innhald som fengjer unge vaksne og nye generasjonar er sentralt, og tal for oppslutning og bruk fortel at det verkar. Avisa har størst vekst i aldersgruppene 20-39 år, både i abonnement og bruk av innhald. Avisa misser likevel ikkje av syne at dei skal vere ei lokalavis for alle. Dette viser igjen i ei stor allsidigheit i innhald.»

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor vart Fjordenes Tidende i Måløy kåra til Årets lokalavis i LLA-familien som tel i overkant av 100 aviser.

I konkurransen om Årets lokalavis fikk Dølen og Hallingdølen heiderleg omtale.

I tillegg til kåringa av Årets lokalavis, delte LLA laurdag kveld også ut desse hovudprisane:

LLA sin journalistpris: Hallingdølen

LLA sin marknadspris: Bømlo-nytt

Årets lokalavisfoto: Emil Sjåstad Nyeng, Dølen

Årets historieforteljing: Kyrre Fitje, Sogn Avis

Årets digitale satsing: Hordaland

Artikkelen held fram under annonsen.

Årets lokalavisside: Hallingdølen