Snøskred over veg i Bremanger: – Verkar udramatisk

Eit snøskred som er rundt 200 meter breitt, gjekk over fylkesveg 614 i Bremanger måndag. Ifølgje Vegtrafikksentralen verkar skredet udramatisk.

Det er meldt om ein del bilar i området, men det er ikkje kjent om nokon er tekne, opplyser Vest politidistrikt på Twitter. Nødetatane driv med evakuering av området og jobbar med å få oversikt.

Skredet skjedde nord for Magnhildskartunnelen, som ligg på fylkesveg 614 mellom Kinn og Bremanger kommunar i Vestland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Skredet er, etter det vi har fått opplyst, rundt éin meter høgt. Vi har brøytebil på veg gjennom. Det heile verkar nokså udramatisk, seier trafikkoperatør Kjetil Larsen ved Vegtrafikksentralen Vest til NTB.

Redningsleiar Torgeir Espedal ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg seier til VG at dei har sendt redningshelikopter frå Florø.

Vaktkommandør Olje Jakob Hartvigsen i 110 Vest opplyser til NTB at dei har evakuert seks bilar som stod i området.

Han opplyser samtidig at det er geologar på veg inn i for å undersøkje skredet nærare.

Norske redningshundar har to lavinehundar på veg. Også Røde Kors er varsla.