Snøen skaper utfordringar for avisleveransen

Utfordrande køyreforhold og manglande moking framfor postkassestativ gjer at ein del av abonnentane våre ikkje får Firda Tidend i dag, fredag.

– Til dei det gjeld, vil avisa bli levert måndag, eller når vi igjen får tilgang til kassene, skriv Posten i ei melding til lokalavisa for Gloppen og Jølster.