Smitteutbrotet i Stad held fram

Det er påvist fem nye tilfelle av covid-19-smitte i Stad, opplyser kommunen i ei pressemelding seint måndag kveld.

– Prøvesvar viser at fire vaksne personar i Selje har fått påvist smitte med covid-19. Alle desse er nærkontaktar innanfor familiar med tidlegare smitta, og alle var i karantene. Ein av dei fire har testa positivt på hurtigtest og vil ikkje vere med i tala frå Helse Førde før svar på PCR-test også er klart tysdag kveld, skriv kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld og ordførar Alfred Bjørlo i pressemeldinga.

Dei held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Måndag kveld viser også prøvesvar at ein vaksen person på Nordfjordeid har fått påvist smitte. Denne personen er nærkontakt i same husstand som ein tidlegare smitta. Personen var difor i karantene og smitteveg er kjent. Til saman er det måndag påvist fem nye smittetilfelle. Alle dei smitta er nærkontaktar til tidlegare smitta og var i karantene.