Smittetalet halvert så langt i januar
Sidan veke 1 har smittetalet falle med 53 prosent, viser den siste vekerapporten frå Folkehelseinstituttet (FHI).
Dei to siste vekene har det vore ein klar nedgang i talet på melde koronatilfelle, ifølgje rapporten.
I veke 3 er det så langt meldt om 2.180 tilfelle. Det er ein nedgang på 27 prosent samanlikna med veke 2 og 53 prosent sidan veke 1, då det vart meldt om 4.645 tilfelle.
R-talet er no på 0,6, anslår FHI. R-talet antydar kor mange ein koronasmitta person smittar vidare.
Samtidig er det ein stor nedgang i talet på personar som testar seg, ifølgje rapporten. I veke 3 testa 105.417 personar seg. Det er 43 prosent færre enn talet på testa i veke 1, som var 186.347.
Men også delen positive testar har falle frå 2,5 prosent i veke 1 til 2,1 prosent i veke 3.
I vekerapporten peikar FHI òg på at talet på nye innleggingar i sjukehus med covid-19 har vore relativt stabilt sidan veke 50 i fjor, med 78–96 nye innleggingar per veke. For veke 3 er det så langt rapportert om 78 nye innleggingar.
Til no er det påvist 135 tilfelle av det britiske mutantviruset og to tilfelle av den sørafrikanske varianten i Noreg, ifølgje vekerapporten.
(©NPK)