Ein person som jobbar på teststasjonen på Flesland flyplass, er koronasmitta. Foto: Eivind Senneset/NTB/NPK.

Smitte ved teststasjonen på Flesland

Ein tilsett ved teststasjonen på Bergen lufthamn Flesland har testa positivt for korona.

Vedkomande har vore på jobb i smitteførande periode, og smittesporing går føre seg, opplyser Bergen kommune.

Nærkontaktar blir kontakta og må i karantene.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er liten fare for at reisande har vorte smitta, sidan dei tilsette brukar fullt smittevernutstyr når dei testar, seier smittevernoverlege Egil Bovim.

Han ber likevel reisande vere merksam på symptom og ha låg terskel for å teste seg. Teststasjonen vart umiddelbart vaska ned. Den vidare drifta er ikkje påverka.

(©NPK)