Smålege framlegg

Det er ikkje lett å kåre det mest smålege framlegget i statsbudsjettet. Det er faktisk ganske mange av dei. Det mest alvorlege for mange er at det skal kuttast i NAV-støtta til dei som har minst å rutte med. Dette står i grell kontrast til at dei som er rikast og tener mest her i landet får meir i skattelette per år enn det dei fleste tener gjennom eit langt arbeidsliv. Det er ein sosial profil som ikkje heng på greip. Vi støttar gode framlegg som kan få fleire ut i arbeid og ser klart eit behov for nytenking, men ein må ikkje råke dei som har aller minst og av ymse grunnar ikkje kan kome seg i arbeid. Det blir heilt feil.

Her er minst to saker til med i konkurransen om det mest smålege. Vi puttar då kuttet til folkehøgskulane og behovsprøva bortebuarstipend i same sekken, det andre gjeld den dramatiske behandlinga av ein av våre flottaste barne- og ungdomsorganisasjonar 4 H får. Ved å redusere støtta til Folkehøgskulane med til saman 32 millionar kroner, er risikoen for å slå beina under mange av dei stor. Då forstår ein ikkje kva kvalitetar som ligg i dette skuletilbodet, og kor viktige dei har vore for mange menneske gjennom 150 år. Berre spør alle som går eller har gått på Nordfjord Folkehøgskule.

Les heile leiaren i papirutgåva måndag.