Illustrasjon: Nordic Arkitekter.

Ønskjer nybygg i åtte etasjar

Styret i Helse Førde ønskjer eit nybygg i åtte etasjar ved Førde sentralsjukehus. Eit slikt bygg vil gje pasientar som treng behandling for kroppslege sjukdomar, moderne utstyr og lokale.

– Eg er svært glad for at vi har kome så langt. Eit slikt bygg vil vere eit stort framsteg for pasientbehandlinga i vårt område, seier styreleiar Agnes Landstad i ei pressemelding frå helseføretaket.

Åtte etasjar

I vedtaket frå styremøtet onsdag ber styret administrerande direktør finne ein funksjonsmessig og økonomisk forsvarleg måte å gjennomføre ei utbygging av nybygget for somatikk, Livabygget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei utbygging i åtte etasjar gjer at ein stor del av pasientbehandlinga vil verte flytta frå Svanabygget, hovudbygningen frå 1979.

– Helse Førde har som mål å bygge det beste bygget vi kan få innanfor den kontrakten vi har med entreprenøren Veidekke, seier administrerande direktør Arve Varden i pressemeldinga.

– Svært god løysing

Helse Førde tildelte rett før jul i fjor ei samhandlingskontrakt på siste del av sjukehusutbygginga i Førde til Veidekke. Dette er ein type kontrakt der byggherre og entreprenør saman utviklar eit råbygg til eit ferdig bygg.

– Gjennom utviklingsarbeid med tilsette, rådgjevarar og entreprenør, får vi ei svært god løysing for pasientar og pasientbehandling, meiner Varden.

Intensjonskunngjering

Prosjektet har i utviklingsfasen endra seg frå stor grad av ombygging og mindre nybygg, til ei mindre ombygging og eit større nybygg.

Styret ber administrerande direktør gjennomføre ei intensjonskunngjering for å trygge anskaffinga. Ei intensjonskunngjering er ei kort utlysing for å sikre at Helse Førde kan gjennomføre det endra prosjektet med basis i samhandlingskontrakten.

Innanfor lovverket

Helse Førde har henta inn tre uavhengige juridiske vurderingar som konkluderer med at anskaffinga er innanfor lovverket. Alle desse tilrår også ei intensjonskunngjering.

– Vi vel å gjere dette no i god tid før gjennomføringskontrakt skal signerast og i ein fase der ei eventuell rettsleg prøving vil ha minst økonomiske konsekvensar, seier Arve Varden.

Artikkelen held fram under annonsen.