Covid-19 virus: Koronavirus. Illustrasjonsfoto.

Slik er dei nye nasjonale koronatiltaka

Dette er dei nasjonale koronatiltaka som er nye eller endra, og som gjeld frå og med 16. april:

* Det blir oppmoda til å møte andre utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn fem gjester. Dersom alle gjestene kjem frå same husstand kan ein vere fleire, men ein må kunne halde avstand.

* Dersom barn og unge trenar/øver med eit lag, foreining eller liknande i ein annan kommune, vil dei kunne konkurrere med dette laget/denne foreininga så lenge smittesituasjonen tillèt det.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Vaksne kan drive organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 10 personar, så lenge dei kan halde minst éin meters avstand.

* Utandørs kan vaksne drive organisert aktivitet, så lenge dei kan halde minst éin meters avstand.

* Maks 10 personar på innandørs arrangement utan faste tilviste sitjeplassar, men likevel inntil 50 personar på idretts- og kulturarrangement som samlar deltakarar under 20 år som tilhøyrer same kommune (nytt med 50 for kulturarrangement).

* Maks 100 personar på arrangement der alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.

* Maks 200 personar på arrangement utandørs, men 600 personar (fordelt på 3 kohortar à 200 personar) viss dei sit på faste tilviste plassar og det er to meters avstand mellom kohortane.

* Same høve til å skjenkje alkohol på arrangement som på serveringsstader.

(©NPK)