Elevar og lærarar var opp møtte for å vere med på opninga av den nye klatreparken. Elevrådet hadde regien på opningsseremonien som gjekk knirkefritt.

Skulen slår ring om klatreparken sin

– Vi må faktisk ha køordning for å organisere bruken, fortel elevrådsleiar Kristine Friborg ved Vassenden skule om klatreparken som hadde offisiell opning måndag.

Heile skulen var samla då ordførar Oddmund Klakegg sto føre opninga av parken som har vore i bruk sidan i vår. Den er eit resultat av langvarig og målretta arbeid frå foreldre og elevar ved skulen, fekk vi høyre.

Samarbeid

– Det er kjekt å sjå at klatreparken blir brukt, hald fram med det, sa FAU-leiar Bård Støfringsdal under opninga. Han kunne fortelje om mange og fantasifulle påfunn for å få finansiert det nye aktivitetstilbodet. Såleis har det vore både basarar, kafédrift og innsamlingar for å finansiere det som ikkje vart dekka av spelemidlar og gåve frå Sparebankstiftinga. Sparebankstiftinga har tidlegare bestemt at alle klatreparkar i fylket skal få 250 000 kroner, og parken på Vassenden er den andre som er opna i Jølster. På Skei vart det opna klatrepark i fjor, som den andre i fylket.

Parken på Vassenden vart opna ved at ordføraren vart utfordra til å klatre opp i spiret på parken og ringe med ei bjølle. Den utfordringa tok han utan å nøle.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.