Husmannsplassen Skora fotografert av Ola Nyhagen i 1975.

Skora - husmannsplassen like ved Sandane sentrum


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka vart først presentert i sogebladet Ljøren 2016.





Skora måla av Leni Solemdal under Den andre verdskrigen.

Like ved riksvegen, rett ovanfor Sandane bedehus, stod i mange tiår ei stove med tilhøyrande uthus, nokre frukttre og ein liten potetåker. Stort meir var der ikkje plass til.


Plassen var så liten at det kanskje ikkje er heilt rett å kalle han ein husmannsplass i vanleg forstand. Han som bygsla han, Anders Ellingson Engeset, hadde heller ikkje noko særskild plikt overfor hovudbruket, slik som var vanleg for husmannsplassar.


Elias, eldste son til Anders Ellingson Engeset.

Flytte ei stove
Anders var fødd på Nedstebruket på Engeset i 1857 og tente som dreng hjå Abraham Holvik i Holvika. Der møtte han Kari Ragnhild Andersdtr. Eikeset, f. 1856 i Bremanger, som var tenestejente på same garden.

Dei fekk bygsle Skora, og då dei skulle gifte seg i 1888, sytte husbonden for å få flytta ei gammal stove frå Sjurbruket på Austrheim. Det vart òg sett opp eit lite uthus.

Anders og Kari fekk to born, Elias og Olai. Kari døydde i barselseng hausten 1896. Ved skiftet etter mora året etter, var Elias og Olai høvesvis ni og tre år gamle.

Karoline og Olai.

Vedsaging og førefallande arbeid
Anders gifte seg opp att i 1897 med Kari Larsdtr. Egge, f. 1867 på Teigaplassen på Egge. Dei fekk borna Karoline i 1898, Rakel i 1900, Lars i 1902, Alfred i 1905 og Anna Kristina i 1909.

I folketeljinga i 1900 er Anders oppført som arbeidar og «arbeider i hvadsomhelst». Etter det vi veit, livnærte han seg med vedsaging og anna førefallande arbeid kring på Sandane.

Dei fleste av dei sju borna som voks opp på plassen flytte tidleg ut.

Skora sett frå vegen til Svarteskora i 1975. Jenta til høgre er Kjersti Nyhagen. Foto: Ola Nyhagen.

Vi veit at Elias vart skomakar og flytte til Vågsvåg, men kom gjerne ein tur til Sandane om sommaren. Olai og Alfred enda opp i Bergensområdet, medan Anna Kristina tente i Oslo.


«Rast på Firdabenken» var tittelen på dette biletet då det stod på trykk i Sunnmørsposten, truleg på 1960-talet. Vi tek med heile biletteksten: «På benken framanfor Firda Billag sin stasjon på Sandane kan du dagstøtt sjå desse karane ta seg ei kvilestund og ei pratestund på føremiddagen. Petter Rand er som oftast den første som kjem, og Lars Engeset er på pletten så snart han har gjort innkjøpet og fått det han treng til dagen opp i veska og mjølkespannet. På denne plassen får dei eit godt oversyn over folk som reiser og kjem med bilane og flya, og her forbi må alle som skal til meieriet, kjøthandlaren, fiskehandlaren, banken og alle kommunale kontor. Det høyrer liksom med til «bybiletet» desse to koselege og smilande karane som tek seg ein rast på Firdabenken.» Tekst og foto: Jørgen G. Hauge.

Rosemålar
Lars vart buande heime heile livet. Til liks med faren arbeidde han med litt av kvart. Han var med og snudde pressa og falsa avisa Nordfjord, og ein periode arbeidde han på Jørgen Ryssdal sin tønnefabrikk.


Lars Engeset, eller Lars i Skora som han vart kalla i daglegtale, i aksjon med å måle ei kiste. Foto: Sigfred Grimsbø.

I slutten av 1930-åra slo han seg saman med Johan Monsen Wereide og kjøpte kappsag. Dei køyrde saga på ei handvogn og reiste rundt og saga ved.

Det Lars likevel blir best hugsa for, er at han dreiv mykje med rosemåling. Han måla mellom anna oppatt kister og fat.


Lars dekorerer eit fat. Foto: Sigfred Grimsbø.

I seinare år budde Oleanna Herstad frå Naustdal i Skora. Ho stelte huset for Lars og blei buande der. Også Eli Egge, truleg ein slektning av Kari frå Breim, budde på den vesle plassen i mange år. Ho disponerte kammerset ut- og oppover.


Lars Engeset på 70-års dagen i 1972. Foto: Ola Nyhagen.

Etter at Lars døydde i 1975, vart huset ståande tomt. Det vart rive i 1977. Tufta gjekk då tilbake til hovudbruket i Holvika. Utviding av vegen mellom Sandane og Kleivedammen, samt ny veg til Fagerlund og Flølo sine eigedomar, gjer at det i dag ikkje er mykje att av plassen som ein gong hyste ein familie på to vaksne og sju born.


Her er rivinga komen så langt at rominndelinga syner godt. Foto: Ola Nyhagen.


I juni 1977 var rivearbeidet godt i gang. F.v. ser vi Arne Nyhagen, Jakob Eirik Lothe, Knut Ødven og Peter Holvik Lothe. Foto: Ola Nyhagen.


Per Lothe og Jakob Eirik Lothe. Foto: Ola Nyhagen.

Kjelder:
Soga om Gloppen og Breim, band 4 og 5.
Digitalarkivet, kyrkjebøker for Vereide sokn og folketeljingar.


Huset i Skora måla av Nikolai Astrup d.y. i 1954.





Les også om: «Riset – det vesle bruket med den sterke historia»
Fekk du med deg: «Tusenkunstnaren John N. Svidal»