Også i november kan det oppstå skogbrann. Her er brannhelikopter i aksjon på Sotra i Øygarden kommune kor det var skogbrann i 2021. Foto: Marit Hommedal/NTB/NPK.

Skogbrannfaren aukar i vest

Snø og regn skaper utfordringar i Sør-Noreg. På Vestlandet aukar skogbrannfaren.

– Det er ikkje så vanleg så seint på året, seier statsmeteorolog Dina Stabel til NRK.

Meteorologisk institutt har no sendt ut gult farevarsel for skogbrann i ytre strøk av Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skjer vel ei veke etter at flaum herja i Vestland.

– Det har vore lite nedbør i det siste og stort sett ikkje noko etter 12. november. Så det har vore ei tørr periode. Om det først tek fyr kan det spreie seg lett sidan det bles ein del, seier Stabel.

Allereie har det vore to mindre skogbrannar i Vestland. Ein i Radøy i Nordhordland og ein på Kaupanger i Sogn. (©NPK)