Illlustrasjon: Kystverket/Snøhetta.

Skipstunnelen skal byggjast likevel

Senterpartiet har i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett (RNB) fått gjennomslag for å sikre at Stad skipstunnel no blir bygd. Kostnadsramma er estimert til 8,6 milliarder kroner.

Dette blei kjent søndag kveld.

– Etter mange års kamp for Stad Skipstunnel har vi vunne dette slaget saman med kysten og næringslivet. Dette er ein dårlig dag for dei som i årevis har forsøkt å latterliggjere dette unike samferdsleprosjektet lengst vest i landet vårt – men ein veldig god dag for kysten og for næringslivet. No blir Stad skipstunnel bygd, seier Trygve Slagsvold Vedum, leiar for Senterpartiet, i ei pressemelding. 

Eit tryggleiks- og beredskapsprosjekt for kysten

Stadlandet er kjent for særleg krevjande vêr- og bølgjeforhold, og farvatnet utanfor Stad er mellom dei mest utsette langs Norskekysten. Stad skipstunnel skal gje skip ein tryggare og meir føreseieleg passasje ved å leie trafikken gjennom Stad – i staden for rundt det mest vêrharde havstykket.

– Dette handlar om tryggleik for sjøfolk, betre regularitet for næringslivet og styrka beredskap langs kysten. Når vi no får på plass oppstartsmidlar, er det fordi dette er eit prosjekt som tenar heile landet. Noreg er ein maritim nasjon. Då må vi også investere i infrastruktur som gjer sjøtransporten tryggare og meir robust. Stad skipstunnel er eit slikt løft, seier Vedum.

Oppstartsløyvinga er på 150 millionar kroner. Stad skipstunnel er planlagt bygd i Stad kommune, mellom Moldefjorden og Kjødepollen/Vanylvsfjorden. Prosjektet er utvikla av Kystverket, og blir omtala som eit banebrytende tiltak internasjonalt.

Vedum takker forkjemparane

Vedum fremhevar forkjemparane, og dei som har måtta flytte for å kunne realisere Stad skipstunnel. 

 – I dag er ein dag for å takke. Mange har jobba hardt for dette. Eg vil spesielt fremheve Sigurd Erlend Reksnes (Sp), vår tidlegare ordførar i Stad kommune, som over mange år kjempa utrøytteleg for Stad skipstunnel heilt fram til han døde altfor ung. I dag er ein dag der vi endeleg kan heise flagget til topps. No kan Kystverket signere kontraktane og arbeidet begynne, avsluttar Vedum. 

 

Powered by Labrador CMS