Skepsis til å leggje ned småflyplassar

Fleire politikarar på Vestlandet og i Nord-Noreg meiner det blir feil å leggje ned flyplassar i distrikta for å utvide andre småflyplassar, slik eit ekspertutval legg opp til.

Sandane lufthamn.

– Vi meiner det optimale for samferdselsnoreg må vere å få større volum på færre flyplassar. Det vil også vere gunstig for staten økonomisk sett. Samtidig kan du få lågare billettprisar, så det er eigentleg gunstig på alle kantar, seier leiar av ekspertutvalet og tidlegare Avinor-sjef Sverre Quale til NRK.

Fleire politikarar både på Vestlandet og i Nord-Noreg meiner forslaget om å leggje ned flyplassar i distriktet er feil veg å gå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er skivebom

– Dette er skivebom. Timinga kunne ikkje ha vore dårlegare, seier Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) til kanalen.

Både han og fylkesrådsleiar i Nordland, Tomas Norvoll, peikar på at ein no står heilt i startgropa for å få elektrifisert luftfarten og at dette gjev heilt andre moglegheiter i framtida.

Gloppestad og Norvoll meiner forslaget om å leggje ned småflyplassar er å starte i feil ende. Dei peikar på at flyplassane i distrikta er svært viktige for lokalsamfunnet og meiner ein heller burde sjå på korleis ein kan styrkje tilbodet.

Rapporten til utvalet blei lagt fram i desember i fjor. Quale seier til Nynorsk pressekontor at det var planlagt ein høyringsrunde på rapporten før sommaren, men at høyringsfristen vart utsett på grunn av korona. Samferdselsdepartementet opplyser at den nye høyringsfristen gjekk ut laurdag 15. august.

Etterlyser heilskapleg vurdering

Ifylgje Quale går alle kortbaneflyplassane i landet i dag med underskot.

Han meiner det bør gjerast ei ny oppdatert vurdering av luftfartsstrukturen der ein ser på heile infrastrukturen i eit større perspektiv.

Quale peikar mellom anna på at det mange stader er kort avstand mellom flyplassane og at det dei siste ti åra har skjedd mykje på samferdselsfronten som har korta ned reisetida mellom fleire små flyplassar.

Regionar under lupa

Kva flyplassar som eventuelt bør leggjast ned har utvalet ikkje teke stilling til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I rapporten har vi ikkje peikt på spesifikke flyplassar, men vi har vist til at ein bør sjå nærmare på fleire regionar, utdjupar Quale til Nynorsk pressekontor.

Han peikar på at det både på Vestlandet og på Helgelandskysten er fleire flyplassar med korte avstandar mellom. Til Nynorsk pressekontor stadfestar han at Sogn og Fjordane er ein region der utvalet meiner ein bør sjå nærmare på flyplasstrukturen.

Ifølgje NRK har det vore peikt på at både Sandane, Sogndal og fleire andre flyplassar ligg nært kvarandre.

– Trengst konsekvensutgreiing

Utvalsleiaren meiner også det trengst ei konsekvensutgreiing om avgjerda om å overføre ansvaret for flyrutene på kortbaneflyplassane til fylkeskommunane.

Tidlegare var det Samferdselsdepartementet som hadde ansvaret for desse anbodsrundane. No er dette ansvaret overført til fylkeskommunane. Samtidig er det Avinor ved staten som eig flyplassane. Det meiner Quale er uheldig.

– Vi meiner ein misser litt av heilskapstenkinga når ein gjer det slik. Det er bakgrunnen for at vi meiner det bør gjerast ei vurdering av heilskapen av infrastrukturen, seier han. (©NPK)