Redningsaksjon med helikopter. (Illustrasjonsfoto)

Skårfast i Viefjellet

Ein person sat skårfast i Viefjellet i Førde i laurdag ettermiddag, og fekk meldt at han var byrja verte ganske kald, melder politiet.

Eit SeaKing-helikopter vart sendt for å hente ham ut, og kort etter kunne dei melde at mannen var ombord i helikoppteret og kunne fraktast trygt ned på bakken.

Han var kald, noko dårleg kledd, nedkjølt på beina, og vert lagt til opptining på sjukehuset, melder politiet.

Elles var det mykje som skjedde i natt og laurdag ettermiddag og kveld.

Florø. Ordensforstyrrelse. En person innbrakt for ordensforstyrrelse/skadeverk. Reiv opp brøytestikker med rota og heiv dei rundt seg

Lote/Hennebygda. Påkøyrd hjort. Satt over til viltnemda

Kyrkjebø, trafikkontroll. Ingen kombinasjon med rus og bilkøyring på Kyrkjebø i natt

Eikefjord, mistanke promillekøyring. Fører tatt med til blodprøve

Øvre Årdal. Trafikkontroll. Ruskontroll, ingen utslag

Kl 0242 Førde. Bråk og knuffing utanfor ein utestad i bygda. Gemytta roa seg betrakteleg når politiet kom til staden. Ein person bortvist

Kl 0230 Florø. Overstadig berusa gutt. Tatt hand om av politi, køyrd heim etter å ha blitt sjekka av ambulanse

Kl0107 Årøyane/Naustdal. Melding om bråk og slåssing på ein privatfest. Når politiet kom til staden var festen og bråket over

Kl 0100. Bråk på utestad. Berusa jente. Tatt hand om av venninne. Ingen anmeldelse

KL. 2323, Ljøsne, påkøyrt hjort, viltnemnda varsla.

Kl.2207, Eid, UP har hatt promillekontroll, 19 kontrollerte, alt ok.

Kl.1902, Stryn, UP har hatt fartskontroll på rv15 Langesethøgda, 80 sone, 2 FF, høgste fart 90 km/t.

Fartskontroll på Storebru i 80-sona. 4 forenkla forelegg, høgste 114. Eit førarkort kverrsatt og førar meld for 131 km/t.