Sjukehuspasient koronasmitta

Ein inneliggande pasient ved Nordfjord sjukehus testa onsdag positivt for covid-19. Vedkomande vart innlagt sist måndag, opplyser Helse Førde i ei pressemelding torsdag morgon.

Pasienten har lege på einerom, og har ikkje vore i nærkontakt med andre inneliggande. Det var ikkje mistanke om korona då pasienten, ein eldre person, vart lagt inn. Pasienten er overført til Førde sentralsjukehus.

I tida pasienten har vore innlagt, har vedkomande vore til undersøking på fleire avdelingar ved sjukehuset. 16 tilsette i spesialisthelsetenesta i Nordfjord er i karantene. Desse har anten fått første vaksinedose eller er uvaksinerte, og blir testa i dagane framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har valt å legge oss på ei meir restriktiv linje enn gjeldande retningslinjer for karantene frå styremaktene, seier fagdirektør Evy-Helen Helleseth.

Smittesporingsteamet i Helse Førde starta arbeidet straks smittetilfellet vart kjent onsdag.

– Vi meiner vi har fått godt oversyn over situasjonen, seier Helleseth.

Helse Førde avgjorde onsdag ettermiddag at inntil vidare skulle nye pasientar leggast inn ved Førde sentralsjukehus. Det vert gjort ei ny vurdering torsdag.

Ein del planlagde inngrep er avlyste fram mot helga, men elles går drifta av sjukehuset som normalt. Pasientar som får avlyst time får melding om det, alle andre skal møte som vanleg.

Føretaket har varsla pasienten sin heimkommune, og der blir det arbeidd med å kartlegge eventuelle nærkontaktar vedkomande pasient hadde før sjukehusinnlegginga.