Koronavirus: Koronavirus, illustrasjon.

Sju nye positive testar i Selje

I løpet har laurdagen har Stad kommune fått stadfesta at sju nye personar er smitta med Covid-19. Alle sju er frå Selje, melder kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld laurdag kveld.

Svara som kom laurdag er frå prøver tekne torsdag og fredag.

Som dei tidlegare smitta i Selje denne veka har også dei siste sju vore i karantene som nærkontaktar til tidlegare smitta, og det er ingen nye nærkontaktar. Dermed har kommunen fått svar på alle prøver tekne i Selje torsdag og fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ingen positive prøver frå testing på Nordfjordeid torsdag og fredag.

Får gradvis betre kontroll

Dei siste dagane har kommunen berre påvist smitte hos personar som har vore i karantene. Dette meiner kommunelegen viser at tiltaka med omfattande karantene og testing gradvis har gitt meir og meir kontroll på situasjonen i Selje.

Arbeidet med oppfølging av nærkontaktar i karantene, gjenteken testing av desse og testing av alle personar med symptom på sjukdom, held fram.