Foto: Hallvard Østrem/NPK.

Siste bokmålsskule i Sogn og Fjordane kan forsvinne

Kinn kommune skal spare pengar. Eitt av spareforslaga er å legge ned bokmålsundervisinga ved Skram skule i Måløy.

– Her er det økonomar som kjempar mot pedagogar, seier tidlegare lærar Kristian Andal ved Skram skule i Måløy til NRK.

Ved Skram skule har det dei siste åra blitt færre og færre bokmålselevar. I dag har over to tredelar nynorsk som hovudmål.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ingen av dei som no går i første klasse har vald bokmål. Eg vel å tru at dette difor ikkje er ei stor, problematisk sak, seier kommunedirektør Terje Heggheim i Kinn kommune til statskanalen.

Heggheim meiner kommunen vil spare opp mot ein million i året ved å kutte bokmål som hovudmål ved Skram. Kristian Andal er ikkje samd.

– Kanskje får dei i staden masse utgifter til å kjøpe nye bøker, seier han.

(©NPK)