Inge André Utåker frå Norled og Tone Oppedal frå Statens vegvesen signerer kontrakten. (Foto: Silje Drevdal, Statens vegvesen)

Signerte ny kontrakt for drift av ferjesamband

Fredag 20. juli signerte Statens vegvesen kontrakt med Norled AS for drift av dei to ferjesambanda i Indre Sogn: Mannheller-Fodnes og Vangsnes-Hella-Dragsvik.

Kontrakten gjeld for perioden 1. januar 2020 til 31. desember 2027, og kontraktsummen er på 1.656.918.000 kroner.

Meir klimavennlege ferjer

To selskap, Norled og Fjord1, leverte tilbod då konkurransen var lyst ut i vår.

– Statens vegvesen er godt nøgd med både deltakinga og tilboda, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.

Vinnaren av konkurransen blei vald på grunnlag av desse tildelingskriteria: 70 prosent pris, 15 prosent energiforbruk, 10 prosent CO2-utslepp og 5 prosent NOX-utslepp.

– I utlysinga av kontrakten vart det sett krav om at minst 80 prosent av det totale energiforbruket skal kome frå straum. Til resten kan Norled velje om dei vil bruke straum, biogass, biodiesel, eller ein kombinasjon av desse, seier Anders Sæternes, som er ferjekoordinator i Statens vegvesen Region vest.

Forlenga sommarrute

Norled driftar frå før ferjesambandet mellom Lavik og Oppdal, på E39 lenger ute i Sognefjorden. Her vart MF Ampere sett i trafikk i 2015, som verdas første batteridrivne ferje. Den nye kontrakten for Sognefjordsambanda i Indre Sogn er eit nytt steg mot meir klimavennleg ferjedrift.

Mannheller-Fodnes er det mest trafikkerte av ferjesambanda over Sognefjorden. Her er det no 56 daglege avgangar frå kvar side. Etter den nye kontrakten blir dette auka med to rundturar, til 58 kvar dag.

Mellom Vangsnes, Hella og Dragsvik er det store svingingar i trafikken gjennom året.

– Turistsesongen er blitt lenger, det er meir trafikk tidleg og seint på sommaren. Difor vert sommarruta på dette sambandet forlenga med to månader, slik at ho går frå 1. mai til 30. september, fortel Sæternes.

Dei nye ferjene vert dessutan større. På Vangsnes-Hella-Dragsvik går i dag ferjer med plass til 40 og 65 personbileiningar. Dette skal aukast til 50 og 70. På Mannheller-Fodnes skal ferjestorleiken opp frå 110 til 120 personbileiningar.