Opning av Trivselsbadet etter koronastenging: - Dette blir veldig kjekt etter ein litt stussleg vår, seier dagleg leiar i Trivselshagen Bad og Idrett, Øystein Sundal.

— Endeleg blir det liv i anlegget igjen

Symjeanlegget i Trivselshagen var endeleg klart til å opne dørene sist tysdag, til glede for både gjester og tilsette.

Felles retningslinjer

12. mars måtte symjeanlegg landet over låse dørene, og tre månader på tørt land har vore lenge for både små og store badeentusiastar.

Ei opning 15. juni var varsla av styresmaktene i mai, men det har vore knytt usikkerheit til korleis smittevernet skulle varetakast. Styresmaktene har no sendt ut felles retningslinjer for smittevern som symjehallane skal setje i verk. Dagleg leiar i Trivselshagen Bad og Idrett, Øystein Sundal, opplyser at tiltaka er gjennomførbare, og gleder seg over å kunne fylle anlegget med badande gjester.

Artikkelen held fram under annonsen.

— No veit vi litt meir om kva vi må stelle oss til. 1-metersregelen vil gjelde over heile anlegget, og vi har valt å setje eit tak på 100 personar inne til ei kvar tid. Dette er ei lokal tilpassing som vi har gjort på grunnlag av våre forhold. Dersom det blir kø i garderobar og andre plassar i badeanlegget, vil vi regulere innsleppet. I tillegg vil vi sjølvsagt sprite alle kontaktpunkt, og ha handsprit tilgjengeleg på fleire stasjonar, opplyser han og fortel at tiltaka er klarerte med kommuneoverlegen.

Sakn

Dei vil førebels prøve å gjennomføre dei ekstra tiltaka med den bemanninga dei har, og Sundal har tru på at det skal gå fint, særskilt med tanke på at det vil vere færre gjester inne totalt.

Han fortel at dei har fått mange tilbakemeldingar frå publikum om at det er eit sakna tilbod.

— Dei som har brukt bassenget av helsemessige årsaker har nok merka stenginga aller mest, og dei utgjer ei ganske stor gruppe av våre gjester.

Stussleg vår

Sundal innrømmer at det har vore stussleg å vere på jobb desse månadane, i eit stille og tomt bygg.

— Vi har verkeleg gleda oss til å ønskje folk velkomen og få litt liv i bygget igjen. Vi kryssar fingrane for at det går rette vegen, og håpar inderleg at det ikkje blir behov for ei ny nedstenging.

Det vil ikkje vere noko reduksjon i opningstidene, og komande veke vil badet gå over til sommartider som normalt.