Seks nye smittetilfelle i Gloppen

Det er sidan fredag registrert seks nye koronasmitta personar i Gloppen kommune.

Det opplyser kommunen i ei pressemelding måndag ettermiddag.

Fem av dei smitta er nærkontaktar til tidlegare smitta ved Austrheim barnehage og Gloppen ungdomsskule og smittevegen er kjend.

For ein av dei smitta er smitteveg ukjend.

Tolv personar i kommunen er no i isolasjon.

Det er til saman 113 personar i Gloppen som er smitta med korona sidan utbrotet starta 22. oktober.