Bakkeligrenda og Rygg barnehagar har ønske om å utvide talet barnehageplassar, men får ikkje godkjent dette. Arkivfoto.

Seier nei til nye barnehageplassar

Oppvekstutvalet ønskjer at Gloppefjord-området framleis skal vere eitt opptaksområde for plass i barnehage. Det må kome til eit vesentleg behov for fleire barnehageplassar om kommunen skal godkjenne fleire plassar i dette området.

Barnehagetilbodet rundt Gloppefjorden og prinsipp knytt til oppvekstområde og krinsgrenser stod på saklista til oppvekstutvalet sist veke.

– Med den barnehagesituasjonen vi har no, med generelt god kapasitet i Gloppefjord-området, vil eg ikkje tilrå at det vert opna for godkjenning av nye barnehageplassar i området, skriv rådmannen i si saksutgreiing.

Og politikarane følgde rådmannen si tilråding då dei handsama saka.

Vil ikkje ha overkapasitet

Så langt som mogeleg har intensjonen til Gloppen kommune vore at borna skal få plass i det opptaksområdet foreldra ønskjer. I praksis inneber det at born som bur i Breim, så sant det er mogeleg, skal få plass i Breim barnehage. Born som bur i Hyen, skal få barnehageplass i Hyen, medan born som bur kring Gloppefjorden, skal få plass i ein av barnehagane rundt fjorden.

Eit resultat av denne Gloppefjord-tenkinga har vore at nokre born ikkje får barnehageplass i skulekrinsen sin.

Kommunen har likevel valt å ”fryse” godkjenningane til barnehagane rundt Gloppefjorden. I alle fall to av barnehagane, Bakkelidgrenda og Nygård, har valt å utvide lokala sine utan å få godkjenning og driftstilskot for å ta inn fleire born. Utvidingane er blitt gjorde ut frå eit ønske om å skaffe seg lokale som er endå meir eigna til drifta dei har. Kommunen si grunngjeving for ikkje å godkjenne auka inntak av born, har vore at vi ikkje ønskjer å kome i ein situasjon med overkapasitet i Gloppefjord-området. Overkapasitet vil føre til at barnehagar ikkje vert oppfylte, og dermed ikkje får ein optimal økonomi. Alternativet vil vere å la marknadskreftene rå.

Attraktiv kommune

– Vennskap er viktig, også for små barn. For dei fleste born vil det vere bra om dei får ta til og får gå i barnehage saman med born som dei seinare skal gå på skule saman med. Og det vil vere bra for både foreldre og born om dei slepp å byte barnehage i barnehagetida si. I Gloppen ønskjer vi at unge familiar skal sjå på kommunen vår som ein attraktiv kommune med spesielt god tilrettelegging på alle måtar, også med barnehagetilbod, slik at dei ønskjer å kome hit og bli verande her. Vi må tilrettelegge så mykje som fantasi og økonomi tillet, meiner rådmannen.

Han meiner det bør vere eit mål at born i Gloppen får barnehageplass i det oppvekstområdet dei skal gå på skule.

– Men vi må akseptere at det i periodar kan vere forskyvingar i fødselstala som gjer at vi ikkje får dette til, skriv han.