Olin Henden og Linda Langlo i butikkgruppa i GN opplyser at butikkane vert stengde medan dei kongelege er på Sandane. I bakgrunnen vert det kongelege besøket førebudd.

Satsar på kongeleg siesta

Tidlegare i denne veka var det medlemsmøte i butikkgruppa i GN. Då gjorde styremedlem Linda Langlo framlegg om at samtlege butikkar rett og slett stengjer dørene under besøket til kronprinsparet på Sandane. Forslaget fekk tilslutning. Det betyr stengde butikkdører frå klokka 11:30 onsdag i neste veke.

Ein knapp time
I følgje programmet til kronprinsparet skal dei då stige i land på gjestebryggja der dei vert helsa velkomne av ordføraren. Her vert det overrekking av blomster og musikkinnslag av eit samansett skulekorps. Deretter følgjer ordføraren kronprinsparet til Heradsplassen. Her vert det m.a. velkomst, tale og musikkinnslag frå klokka 11:45. I tillegg skal kronprinsen helse dei frammøtte.
Allereie kl 12:45 skal kronprinsparet vere på Kvia i Breim hos Grøn Omsorg der Marit Moldestad tek i mot kronprins Haakon Magnus og kronprinsesse Mette Marit. Det betyr at opphaldet på Sandane varer ein knapp time.

Siesta
– Vi tek det vi kallar ein kongeleg siesta. Då kan både kundane, våre tilsette og vi sjølve vere med på markeringa, seier Olin Henden og Linda Langlo. Dei reknar ikkje med det heilt store omsetningstapet.
– Vi trur butikkane i praksis ville vere tome denne tida likevel. I staden for kongelege tilbod satsar vi heller på kongeleg siesta, smiler dei.
Men når kronprinsparet set seg i bilen for å bli tranportert til Breim, skundar dei butikktilsette seg tilbake, opnar dørene og ønskjer kundane velkomne.

Litt ekstra
Dei næringsdrivande legg seg litt ekstra i selane før kronprinsparet kjem på offisielt besøk.
– Dei fleste har rydda, vaska og pynta og kjem til å markere kronprinsparet sitt besøk med flagg slik at Sandane tek seg ut på best mogeleg måte. Vi vil gjere det vi kan, seier dei og helsar kundane velkomne både før og etter det kongelege besøket.
Fleire gonger har kongelege vore i Gloppen, men ikkje på offisielle besøk. Sist det skjedde, var i 1979 då Nordfjordheimen vart opna. Då var det dåverande kronprinspar, Harald og Sonja, som var i Gloppen. Den gongen fekk Olin Henden overrekkje blomster til kronprins Harald.