SKRED: Stein og jord har rasa ned på fv. 5730 ved Gjengedal i Hyen. Begge foto: Vestland fylkeskommune

Satsar på å opne vegen til Gjengedal søndag

Arbeidet med å rydde fylkesveg 5730 i Gjengedal for skredmassar er i gang, og vegen kan forhåpentlegvis opnast for bilar under 3,5 tonn i løpet av søndag.

For at dette skal la seg gjere må arbeidet gå som planlagt, og vêret vere greitt. Større køyretøy kan ikkje bruke vegen, til det har den fått for store skader.

Foto: Vestland fylkeskommune

Nattestengd

Vegen vil bli nattestengd frå kl. 23.00 til 06.00 søndag og måndag.

– Vi vil gjere ei ny vurdering tysdag kl. 12, då veit vi forhåpentlegvis meir om tidsperspektiv for når entreprenøren kan få utført sikringsarbeidet, seier Dagfinn Sande i Vestland fylkeskommune.