Erling Sande. Pressefoto.

Sande og Heen toppar Sp-nominasjon

Erling Sande (Gloppen) har fått ni framlegg på 1. plass og Aleksander Øren Heen (Årdal) har fått åtte framlegg på 2. plass i andre runde av Sp-nominasjonen i Sogn og Fjordane.

Sigurd Reksnes (Stad) har to framlegg og Rune Hegrenes (Sunnfjord) har eitt framlegg.

– Nominasjonsnemnda har fått mange gode kandidatar å arbeide vidare med, og eg er glad for at alle lokallaga våre i tillegg til Senterkvinnene og Senterungdomen har sendt inn sine framlegg i 2. runde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette seier leiar i Senterpartiet si nominasjonsnemnd for stortingsvalet 2021, Per Kjøllesdal, i ei pressemelding.

– Vi ba i andre runde om innspel på ti namn i prioritert rekkefølgje, og alle har sendt inn heilskaplege framlegg. I den vidare prosessen skal nemnda no kome med sitt endeleg framlegg. Vi har sett opp ein plan der vi skal bli ferdige før utgangen av oktober. Eg føler meg trygg på at vi skal kome fram til ei god stortingsvalliste for Senterpartiet 2021, seier Kjøllesdal.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane skal ha nominasjonsmøtet sitt fredag 27. november.