Heradsplassen under Sandane-dagane 2014.

Sandane-dagane for 40. gong

– Sandane-dagane er etter alt å døme komne for å bli. Det er konklusjonen vi kan trekkje etter å ha snakka med fleire av utstillarane, skreiv Firda Tidend etter dei første Sandane-dagane 22.-24. juni 1979.

Avisa kunne fortelje at mellom 12 000 og 15 000 var innom messeområdet i Firdahallen frå fredag til søndag kveld.

– Det var ein jamn straum av folk heile tida, og det var heller ikkje noko å seie på kjøpelysta. Kor mykje dei nesten 60 utstillarane omsette for desse tre dagane er uråd å slå fast eksakt no, men det dreiar seg om millionbeløp. Ein del skepsis var det nok før messa opna, noko som vel berre var naturleg når dette var dei første Sandane-dagane. Men dette vart gjort grundig til skamme, kjøpmannslaget kan trygt notere seg for ein suksess, heitte det i lokalavisa sin omtale.

Etter nokre år vart både tid og stad for Sandane-dagane endra. Arrangementet vart flytta til sentrum og lagt til siste del av august månad.

Derifrå har arrangementet utvikla seg til det vi no kjenner: Ein folkefest i sentrumsgatene tre dagar til endes. Til helga går dei 40. Sandane-dagane av stabelen.