Kjøtt frå sau og lam er eit sunt og godt produkt som er basert på utmarksressursar i Noreg, poengterer organisasjonen Norsk Sau og Geit. Illustrasjonsfoto: Hallvard Østrem / NPK

Salet av sau og lam har falle 10 prosent

Så langt i år har salet av kjøtt frå lam og sau gått ned med 10 prosent. Bransjen trur dei må bli flinkare til å få fram at dette er kortreist, norsk mat.


Tal frå analysebyrået Nielsen som Nationen har fått tilgang til, viser at salet til og med veke 24 i år var 319 tonn lågare enn i tilsvarande periode i fjor.


– Eg kan ikkje seie noko anna enn at det er negativt, seier styreleiar Kjell Erik Berntsen i Norsk Sau og Geit.


– Vi seier med sikkerheit at vi produserer eit sunt og godt produkt som er basert på utmarksressursar i Noreg. Vi må kanskje vere endå flinkare til å formidle det til forbrukarane. Eg oppfattar forbrukaren som bevisst og opptatt av å ete kortreist mat og mat produsert på norske ressursar, held styreleiaren fram.


Noko av forklaringa på nedgangen kan vere at dei store kjedene ikkje har køyrt kampanjar i år, slik dei gjorde då reguleringslagera for lamme- og sauekjøtt var rekordstore.


I 2017 vart det i dei første 24 vekene selt 3.298 tonn kjøtt frå lam og sau. Året etter var det falle til 3.200 tonn, medan det i år har vorte selde 2.881 tonn i same periode.


(©NPK)