Illustrasjonsfoto: Lise Åserud/NTB/NPK.

Så mange vel noregsferie i sommar

Fire av ti vil feriere i Noreg, og berre éin av ti vil berre feriere i utlandet, ifølgje ei ny undersøking. To av ti vel å kombinere.

Etter to år med pandemi har mange oppdaga Noreg på nytt som ferieland, og ifølgje Virke er det framleis eit stykke igjen før nordmenns feriemodus er tilbake til normaltilstanden.

– Det er gode tal for reiselivet generelt, men vi vil ikkje vere tilbake til normalen før mot slutten av året. Men for sommaren ser det veldig bra ut, seier Maria Østerhus Lobo til Nationen. Ho er leiar for kommunikasjon og politikk i Virke, som organiserer fleire reiselivsaktørar i Noreg.

I undersøkinga som InFact har utført for Nationen, svarer 39,5 prosent at dei vil vere i Noreg i sommarferien, medan 10,9 prosent svarer at dei berre vil feriere i utlandet. 22,4 prosent vil kombinere, medan 9,9 prosent svarer at dei ikkje har sommarferie. 17,4 prosent har ikkje bestemt seg eller veit ikkje kvar dei kjem til å feriere.

I undersøkinga er det ei overvekt av eldre som vel Noreg som ferieland. Det er flest som vil til utlandet i aldersgruppa 30 til 44 år. (©NPK)