Fjord1 hadde ein halv milliard i overskot før skatt i fjor.

- Rydd opp før sal av Fjord1

NHO og LO i Sogn og Fjordane er kjend med at fylkesrådmannen har tilrådd å selje aksjane i Fjord1 til Torghatten. Saka skal handsamast i fylkestinget måndag 23.11.15. Dette er den største saka som fylkestinget i Sogn og Fjordane har hatt på fleire tiår. NHO og LO finn difor grunn til å kome med følgjande innspel til fylkestinget:

Fjord1 er ei av dei største verksemdene i Sogn og Fjordane med over 2 mrd. i omsetning og om lag 1300 tilsette. Selskapet har hovudkontor i Florø, men har tilsette i dei fleste kommunar i fjordfylket. Ikkje minst er selskapet viktig for leverandørnæringane. Fjord1 er største selskapet på ferjedrift i landet og har aktivitet langs heile kysten. Selskapet er svært innovativt, og er av dei leiande innan miljøteknologi i si næring. Selskapet er svært godt drive, tener pengar, noko som betyr feleire titals millionar i avkastning til aksjonærane kvart år framover.

Fjord1 er altså ein dei viktige berebjelkane i utviklinga av fylket. På hovudkontoret i Florø er det eit sterkt kompetansemiljø innanfor ei rekkje fagområde innan m.a. maritim sektor. Ved å selje aksjane i Fjord1 til ein konkurrent, er LO og NHO S&F redd for at arbeidsplassane og det sterke fagmiljøet i Florø vil forvitre og bli sterkt redusert. Faren for at vi om eit par år vil sitte att meir eit lokalkontor utan makt og mynde, som ikkje har ansvar for utvikling men berre for å drifte ferjene på Vestlandet, er stor.

Dette vil svekke nærings- og samfunnsutviklinga i heile Sogn og Fjordane. Den maritime klynga knytt opp til m.a. Fjord1 vil også forvitre. Det vert argumentert med at dei avtalane som er inngått vil sikre arbeidsplassane og aktiviteten i Florø og Sogn og Fjordane. Erfaring frå andre konsern viser at dersom aksjane vert selde ut til andre bransjeaktørar forsvinn også aktivitetane og arbeidsplassane gradvis frå hovudkontoret. Her er det nok å vise til kva som har skjedd i bl.a. mediebransjen i fylket. Det er også eit paradoks når politikarane den eine dagen protesterer og aksjonerer imot sentralisering og utflagging av hovudkontorfunksjonar i fylket, og den neste dagen, med opne armar, gjere det same sjølve.

NHO S&F og LO har også merka seg at det er sterk motstand mot måten aksjesalet no kan bli gjort på i leiinga og styret i Fjord1. Leiinga og styret i selskapet føler at dei er sett på sidelina og ikkje har fått vore med på å styre utviklinga i sitt eige selskap. Vellukka salsprosessar er avhengig av at eigarane og selskapet samarbeider, snakkast og spelar på lag. Sett frå utsida har dette ikkje vore godt nok i prosessen som Sogn og Fjordane fylkeskommune med rådmannen i spissen har gjennomført. Ei løysing som blir "tredd nedover hovudet" på leiinga og styret i Fjord1 vil aldri bli vellukka. Første bod er å snakke saman, noko som ikkje har blitt gjort.

Det har dessutan oppstått ein stor diskusjon om minoritetseigar Havilafjord har forkjøpsrett til aksjane i Fjord1 Holding. Fylkeskommunen hevdar at Havilafjord har forkjøpsrett til aksjane i Fjord1, men ikkje til aksjane i Fjord1 Holding. Eigaren av Havilafjord hevdar at selskapet også har forkjøpsrett i Fjord1 Holding. Havilafjord hevdar også at dei er forskjellsbehandla av fylkeskommunen og konsulentane til fylkeskommunen.

Havilafjord har difor varsla at dei vil gå til rettssak mot Sogn og Fjordane fylkeskommune og om naudsynt føre saka heilt til Høgsterett dersom ikkje denne prosessen tek ein annan veg. Alle skjønar at det vil vere svært uheldig for utviklinga av Fjord1, og for omdømet til fylkeskommunen, å ha gåande ei rettssak som vil vare i fleire år. Denne delen av saka har også ei etisk og moralsk side. Det må medlemmane av fylkestinget ta omsyn til. Ei rettssak over fleire år vil svekke selskapet og truleg hindre vidare utvikling av Fjord1. Dette er svært alvorleg for det største ferjeselskapet i landet.

Verken NHO S&F eller LO er i utgangspunktet imot at fylkeskommunen vurderer på eit seinare tidspunkt å selje heile eller deler av aksjeposten i Fjord1. Men vi forventar at prosessen blir gjennomført på ein måte som ein i etterkant kan seie var etisk forsvarleg og etter god forretningsskikk. I det ligg at ein må spele med opne kort, samtale og samordne med leiinga og styret, og ikkje minst avklare alle faktorar kring eit sal med minoritetseigar Havilafjord som vil prosessere på forkjøpsretten sin.

Slik saka har utvikla seg, ber NHO og LO i Sogn og Fjordane om at den noverande salsprosessen vert stoppa. Eigarane og Fjord1-leiinga kan evt. seinare i fellesskap kome tilbake med ny og samordna prosess for sal av aksjane til fylkeskommunen, eller evt. fusjon. Blir salet gjennomført slik fylkesrådmannen har gjort framlegg om vil dette skade og hindre vidare utvikling av Fjord1, noko som ikkje minst vil få store konsekvensar for leverandørnæringane her i fylket. Det har vi fått klare signal om! Fylket vil ikkje tape økonomisk på eit utsetjing. Men ein vil vinne omdømemessig på ei slik avgjerd. Og det er ikkje minst viktig dersom ein vil vere ein seriøs aktør i business.

Nils P. Støyva Jan Atle Stang
LO Sogn og Fjordane NHO Sogn og Fjordane