Rusa mann tok seg inn på toalett i privatbustad i Måløy

Politiet måtte tilkallast då ein svært rusa mann tok seg inn i eit hus i Måløy natt til tysdag. Mannen i 20-åra sette seg deretter på toalettet.

Den rusa mannen hadde inga tilknyting til bebuarane i huset, ein familie på fire, og politiet måtte tilkallast for å få han vekk.

Vest politidistrikt skriv på X (tidlegare Twitter) at både politiet og brannvesenet rykte ut for å få mannen ut av huset. Han bles deretter til over to i promille.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen hadde utført noko skadeverk på toalettet, men ikkje oppført seg fysisk truande mot nokon.

Det viste seg etter kvart at toalettgjengaren ikkje budde i kommunen, men tilhøyrde mannskapet på ein fiskebåt. Han vart overlevert i varetekta til skipperen, og kan vente seg ei politimelding for innbrot og skadeverk. (©NPK)