FORTELJAREN: – Eg gler meg til å kome til Sandane med mine forteljingar om Afrika, seier NRK-veteranen Tomm Kristiansen, også kjend som «røysta frå Afrika».

«Røysta frå Afrika» kjem til Trivselshagen

Tomm Kristiansen (67) er ein gudebenåda historieforteljar. Torsdag 18. januar kjem den tidlegare utanrikskorrespondenten i NRK til Trivselshagen på Sandane for å fortelje om, og å snu på det vrengebiletet han meiner mange har av hans kjære Afrika.


Han vert kalla «røysta frå Afrika». Og det er med god grunn. Få kjenner dette enorme kontinentet så godt som Tomm Kristiansen, ingen kan fortelje og formidle historier frå dagleglivet herifrå som den tidlegare utanrikskorrespondenten og framleis NRK-tilsette journalisten. Historiene og forteljargleda har vorte hans varemerke, til glede for radiolyttarar og tv-sjåarar gjennom mange år.

Betre enn sitt rykte

Han har gjeve ut ei rekkje bøker som har hausta gode kritikkar, der «Mor Afrika» vart det store gjennombrotet og ein bestseljar. Den store journalistprisen har han også fått. Bak det heile ligg ein ekte kjærleik til Afrika:

– Ja, eg kan vel seie at Afrika og meg er to ord som heng saman, seier Tomm Kristiansen.

Og dette til trass for at han faktisk var 40 år før han reiste til Afrika for første gong, som NRK sin utanrikskorrespondent i Harare, hovudstaden i Zimbabwe. I den andre perioden hadde han base i Cape Town i Sør-Afrika.

– Til desillusjonerte journalistar som føler at dei ikkje har opplevt det dei hadde tenkt når dei er 40, brukar eg å seie at det aldri er for seint, smiler Tomm.

For møtet med Afrika gav han ny kunnskap og eit heilt nytt syn på dette store, og for mange av oss lite kjende kontinentet. Difor heiter også føredraget han skal halde i Trivselhagen « Afrika – betre enn sitt rykte».

Mykje er på stell

– Dei som har fylgt med i nyhende frå Afrika, er lenge blitt fortalde at mykje ikkje er på stell der. Då eg kom dit for NRK i 1990, var det første eg oppdaga at mykje var på stell. I Zimbabwe var det gode skular, sjukehus som fungerte og velstanden var på veg oppover. Folk var ikkje rike, men heller ikkje fattige. Ein skulle reise veldig langt for å finne borna med dei oppblåste magane vi hadde sett så ofte på tv. Dette fekk Kristiansen til å tenkje på det biletet som var skapt om Afrika i Noreg og Vesten.

– Eg tenkte det hadde vore spennande å snu alt opp-ned. Sendt ein afrikansk journalist til Noreg for å leite etter alt som er gale her. Hadde ein afrikansk journalist reist heim og skildra livet for uteliggarar i Noreg, livet på gata for narkomane, historier om langarane og bakmennene, behandlinga av romkvinner og mange sine haldningar til folk med andre fargar, ville vi sagt at dette ikkje var det ekte og sanne biletet av Noreg. Det er dette eg vil kome til Sandane å fortelje om; ikkje stol på alt som vert fortalt gjennom media om Afrika, det vi får fortalt er ofte eit vrengebilete. Hugs at Sør-Afrika åleine har fått fire fredsprisar, dei har hatt ein Nelson Mandela. Botswana er t.d. eit velstandsland som ikkje treng eitt øre i bistandshjelp, seier Tomm Kristiansen.

Han minner om at medan vi sprang rundt i skinnklede og jakta med øks her på berget, hadde Timbuktu i Mali sitt eige universitet.

– Så kven som har vore dei mest siviliserte gjennom historia blir også ein del av mi forteljing på Sandane.

Erik Bye har fått skulda

– Men kvifor har det vorte slik, kvifor veit ikkje vi som likar å kalle oss eit opplyst folk meir om tilhøva i eit stort kontinent som Afrika?

– Nokon har gjeve Erik Bye noko av skulda for dette. Han var den første som dekka ei svoltkatastrofe i Afrika for NRK, bilete av utmagra born i Biafra heng for mange framleis igjen på netthinna som eit bilete av Afrika. Men historia om å sjå ned på Afrika er mykje eldre. Misjonærane hadde gode intensjonar, men gav oss ofte eit nedlatande og forenkla bilete av afrikanarane. Slik var også i høgste grad kolonimentaliteten, at afrikanarane var likeverdige med oss var ein heilt fjern tanke. Rasismen har alltid vore der, nokon har gjort seg til betre menneske enn andre. Afrika har den største fargeskilnaden, det gjeld også kulturelt.

Dei store kontrastane pregar Afrika, ikkje minst stammar det tilbake til tida då kolonimaktene og ei lita, kvite overklasse styrte med brutal hand.

Dei har lett for å tilgje

– Dette gav inngrodde haldningar, som har levt heilt til i dag. Men no lever vi i ei tid der kven som helst har råd til å reise til Afrika. Her møter folk spennande land, vakre og strålande menneske, levande historier. So skjønar dei at det er herifrå jazzen kjem, og sjølv heidningar dreg rett på gudsteneste i Soweto for å oppleve songen, dansen, bluesen og stemninga, seier Tomm Kristiansen.

Samtidig finn vi også mykje vald og uhyggelege hendingar, slik han sjølv har fortalt om dramaet i Cape Town då kona var nær å bli valdteken, men heldigvis kom ho seg unna i siste liten.

– Men mykje vald finn ein også andre stadar, du går t.d. ikkje trygt i dårleg opplyste gater i store amerikanske byar. Skilnaden med afrikanarane er deira evne til å tilgje, som vi ikkje finn så mange andre plassar.

– Nærare Kristus sine ideal

Tomm Kristiansen er ein av Noreg sine mest kjende kristne personar. Så mykje av den kristendomen vi er oppflaska med finn ein ikkje i Afrika, likevel vart møte med folk der ein vekkjar for NRK-medarbeidaren.

– For meg vart Afrika ein åndeleg inspirator. Folk er verkeleg truande, men den pietismen som vi kallar rett kristendom, finn ein ikkje her. Her treffer vi verkeleg frie menneske, som er opptekne av heilt andre ting og verdiar enn kva som er rett i ei bokstavtru bibelsk tolking. Frelse i Afrika står for fridom frå apartheid, undertrykking og fattigdom. Kristne ord og haldningar vert sett i eit heilt anna perspektiv. Eg vil seie at desse menneska si tru ligg nærare Kristus sine ideal enn det mykje av norsk kristenliv står for. Dette er også noko eg vil snakke om på Sandane, seier Tomm Kristiansen.

Tårer av glede

Forteljarkunsten har han kanskje arva frå far sin som var predikant. Til Magasinet i Dagbladet nyleg seier Viggo Johansen, som kom med boka om det indre livet i Dagsrevyen, at Kristiansen si evne til å fange lyttarar og sjåarar med sine historier gjer han  til «ein av våre aller beste utanriksjournalistar». Johansen seier det slik: «Tomm er ein fantastisk forteljar. Det er noko med dramaturgien i forteljingane hans. Det er nesten noko bibelsk over dei. Dei har lys og mørke. Faren hans var jo kjent for å fortelje så gode historier at han gret av dei sjølv.»

Dette stadfestar Tomm Kristiansen:

– Det stemmer det. Han vart kalla mannen med lommetørkleet. Eg kjenner meg litt igjen, eg kjenner også på kjensler når eg fortel mine historier. Eg har også felt mange tårer i Afrika, men det har ikkje vore av sorg, smiler han.

Aldri for seint å lære

Den første interessa for Afrika fekk han i møte med misjonærar som fortalde historiene sine. Seinare vart kampen mot apartheid og det heilt umenneskelege i at folk vart undertrykte på grunn av hudfarge, ein vekkjar for Tomm.

Men det var altså først som 40-åring han oppdaga det verkelege Afrika.

– Det er aldri for seint å lære noko nytt, smiler Tomm Kristiansen.

Det er det heller ikkje for dei som vil høyre ein stor forteljar og vite meir om Afrika. Det er berre å finne vegen til Trivselshagen 18. januar.