Rosaruss i Mona barnehage – ei kjekk avslutning før skulestart
I løpet av dei to første vekene i mai blir dei eldste barna i barnehagen til rosaruss.
Vi starta med dette for snart ti år sidan.
Det vart då bestemt saman med SU at det ikkje skulle verte noko ekstra kostnad for foreldra, så russehuene er det barnhagen som har kjøpt inn og bruker opp igjen.
Lagar eigne russekort
Tradisjonen er blitt ein kjekk og minnerik måte å markere at barnehagetida snart er over - og at eit nytt kapittel – skulen – ventar.
Barna får laga eigne russekort. Med eit bilete av seg sjølv og namnet sitt skrive med eiga handskrift, er dette eit koseleg minne som dei kan ta med seg heim og dele ut til vener og familie, akkurat slik den eldre russen gjer.
Oppstarten på rosaruss-tida er den tradisjonelle russedåpen. Her samlast alle «Hestane», som vi kallar dei eldste borna i barnehagen, til ein høgtidleg – men mest av alt morosam – markering, der dei offisielt blir døypte til rosaruss. Då får dei utdelt dåpsattest, russehue og russekort.
Og i tradisjons tru inneber alle dåpar vatn, så då får dei velje om dei vil bli spruta på ein eller ti gongar frå ei lita rosa sprutflaske med lunka vatn. Barna strålar av stoltheit når dei får denne symbolske stadfestinga på at dei er blitt RUSS.
Små utfordringar
Gjennom russetida gjer barna også russeknutar med små utfordringar.
Desse oppgåvene handlar ikkje om sprell og ugagn, men om å spreie glede og vere gode vener. Det kan vere å gå baklengs på tur, vere «superhjelpar» ein dag som t.d. hjelpe dei yngre på avdelinga med sko eller glidelås under påkledning, og ulike utfordrande fysiske aktivitetar med fokus på meistring, glede og fellesskap. Eller enkle ting som å glede nokon med song.
Vi har alt avtalt at vi skal bort på Gotatoppen 11. mai og synge for dei eldre der. Dette er noko «Hestane» har gjort fast ein gong i månaden, der dei verkeleg får kjenne på kor gledeleg og fint møte mellom små barn og eldre kan vere.
Førstehjelp
I april månad kvart år har «Hestane» gruppe, der vi brukar «Henry førstehjelps dukka - førstehjelp for barnehagebarn». Dette er eit pedagogisk læringsopplegg som vi har fått med Røde Kors. Læringsopplegget består av ei Henrydukke, eit sett med plansjar og ein rettleiingsperm. Kvar plansje tar opp ulike skader som kan skje i barnehagen eller heime.
Det startar med skrubbsår, kutt, stikk, klemstre seg osv. Ved å sjå på plansjane og samtale med borna, snakkar vi om korleis vi kan hjelpe kvarandre når dei ulike skadane skjer. Første jobben for dei er å spørje om det går bra og å hente ein vaksen om dei treng meir hjelp. Så snakkar vi om kva vi som vaksne kan gjere, t.d. reinse sår og finne plaster. Skadane Henry opplever vert meir og meir alvorlege, og på siste plansje er fokuset å leggje nokon i stabilt sideleie. Dette er og ein russeknute «Hestane» har, der dei øver på oss vaksne og kvarandre.
Russetreff er stort
Vi har også brukt å få til russetreff på kunstgrasbana saman med Firda-russen. Dette er stort - å få lov å sitte i russebilane, høyre på musikk og slå av ein prat. I den samanheng har vi og ein russeknute «ta high five med ein raudruss».
Vi må sjå korleis dette vert i år, sidan russetida på Firda startar seinare no, men kanskje vi kan få til eit treff rett over 17. mai og avslutte vår russetid og sparke deira i gang?
Russehuene fungerer som eit symbol på fellesskapet og gleda som pregar denne tida. For kvar russeknute får borna eit symbol i ei snor som vi festa på huene.
Russerop
Rosarussperioden varer i to veker og gir barna ei fin avslutning på barnehagetida. Den kjem i ein periode der Hestane kjenner på spenninga for kva som skal kome og er klar for neste steg og nye utfordringar.
Russetida vert avslutta med at Rosarussen går samla i 17. mai-toget under Mona barnehage si fane. Då går alle med huene på og ropar russeropet vårt:
"Rosarussen det er vi
Vi er alltid glad og blid
Har du høyrt oss sei hurra
Heng deg på så blir vi glad
HURRA HURRA HURRA"
Vi ønskjer at russetida i barnehagen skal handle om fellesskap, omsorg og gode minne.
For mange av barna er dette ei tid dei vil hugse lenge – fylt med latter, vennskap og stoltheit over å vere barnehagen sin eigen rosaruss.