Foto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Ropstad set døra på gløtt for budsjettsamtalar med ei Støre-regjering

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad seier han er open for budsjettsamtalar med ei eventuell raudgrøn regjering etter valet 13. september.

– Eg trur ikkje dei kjem til å ringje meg. Viss dei gjer det, så kjem eg til å snakke med dei. Sjølvsagt, seier KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad til TV 2.

Då KrF-leiaren gjesta TV 2s valstudio tysdag kveld, sa han at han vil ha ei sentrum/Høgre-regjering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ropstad gjentok at det ikkje er aktuelt for KrF å gå inn i ei regjering med Ap og Sp, og seier KrF vil søkje gjennomslag for sin eigen politikk dersom det ikkje blir ein tredje periode for statsminister Erna Solberg (H).

På oppfølgingsspørsmål i etterkant av programmet svarer Ropstad slik om raudgrøne budsjettforhandlingar.

– Eg trur ikkje det er aktuelt, men viss dei ringjer meg og KrF kan få gjennomslag for auka kontantstøtte, styrkt eldreomsorg, eller internasjonal solidaritet og klima, så kjem eg sjølvsagt til å snakke om det, seier Ropstad.

På snittet av målingane har ikkje KrF vore over sperregrensa sidan februar 2020, ifølgje Poll of polls, men Ropstad meiner dei skal klare å komme seg over 4 prosent.

– Eg fokuserer på å bruke alle krefter dei neste to og ei halv vekene på at vi skal klare det, så får vi ta dei andre spørsmåla i etterkant, sa Ropstad.

KrF-leiaren understreka i VG 9. august at det uaktuelt for KrF å sikre fleirtal for statsbudsjettet til ei potensiell mindretalsregjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

(©NPK)