Ropstad innrømmer at han tok grep for å sleppe skatt på pendlarbustaden
KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad vedgår at han gjorde aktive grep for å sleppe skatt på pendlarbustaden. No vil han betale den skatten han skuldar.
Overfor Aftenposten innrømmer Ropstad at han la ein plan for korleis han kunne unngå skatt på statsrådsbustaden gjennom å opplyse at han dekte utgifter på huset til foreldra, noko han ikkje gjorde.
– Eg gjorde ei dårleg vurdering i 2020. Det vil eg beklage, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han opplyser at han er i dialog med Skatteetaten og at han vil betale det han skal betale.
Ifølgje Aftenposten skulle Ropstad ha betalt 175.000 kroner i skatt.
(©NPK)